Kva er no denne jussmaxinga?
Då temaet for denne utgåva vart lansert ein fuktig haustkveld på Dragefjellet, skal eg vere så ærleg å seie at eg ikkje visste kva jussmaxing var. Dei andre sjølvsikre jusstudentane, som sjølvsagt visste dette, nikka anerkjennande og byrja raskt å snakke om kor bra dette tema var. Flau over å ikkje vere så hip og oppdatert måtte eg raskt ty til tiktok og andre sikre kjelder for å søke opp denne «maxingkulturen». Det handla altså om å fullt og heilt leve ut noko, å maxe ein livsstil. Juss visste eg heldigvis kva var. Juss, jus, jura, justitia, justice osv., det handlar om lovar, reglar og ikkje minst rettferd.
Dei flinke jusstudentane byrja raskt å slenge ut idear om jussmaxing. I skam over å nettopp ha komen over fenomenet, byrja eg febrilsk å tenke på eksemplar på jussmaxing. Det viste seg å vere lettare sagt enn gjort.
For kva vil det eigentleg seie å jussmaxe? Tankane mine fauk sjølvsagt til dei som openbart må kunne kallast jussmaxerar; dei profilerte advokatane. John Christian Elden pustar og andar juss. Bleik i huda og med kroniske posar under auga står han i rettssak etter rettssak og forsvarar svake - og sterke? – dag inn og dag ut. Det må då utvilsamt vere jussmaxing i den tradisjonelle forstanden til ordet. Men eg er ikkje heilt sikker på om det er Elden ein tenkjer på dersom ein fokuserer på rettferd- og justitia-delen av jussmaxinga. Mange vil nok heller seie det motsette. Det er eit kjent omgrep blant jusstudentar at dersom du har Elden som forsvarar, er du skuldig. Kva har det med rettferd å gjere å få ein openbart skyldig forbrytar frifunnen, på grunn av ein for høg bevisbyrde, eller prosessuelle smotthol? Er ikkje jussen meir enn som så?
Tankane fauk vidare til ei som bør vere rettferdig; Høgsterettsjustitiariusen. Justitiarius Toril Marie Øie ser iallfall nokså rettferdig ut, ho kunne vore ei koseleg bestemor. Men skinnet kan bedra, ho står ikkje med kamferdrops til barnebarna i handa, det er ho som held vektskåla og kan tippe skåla den eine eller andre vegen. Også ho er ein jurist som har via livet til jussen og som no står igjen med så mykje makt ein kan tenkje seg i det norske rettssystemet. Om ikkje dette er jussmaxing må ho iallfall ha maxa jussen.
Men også ho må forhalde seg til bevisbyrder og også ho må forhalde seg til det juridiske rammeverket som er laga. Eit rammeverk som til tider dømmer uskuldige til straff, som lar skuldige gå fri og som til tross for – eller på grunn av? – sin kompleksitet, ikkje klarar å hindre krigar, fattige born i å svelte, eller skape rettferd i staden for å oppretthalde uretten som skjer i verda. Er jussen berre eit verktøy skapt for å oppretthalde eksisterande maktstrukturar?
Spørsmålet er altså om det å jussmaxe, i det heile tatt handlar om å halde seg innanfor det tradisjonelle juridiske systemet. Kanskje det handlar om å halde seg utanfor systemet som stadig visar seg å ikkje verkeleg bringe rettferd til verda, men gjere det motsette. Kanskje dei ekte jussmaxerane ikkje ein gong er juristar.
Fidel Castro var jurist, så også han må utelatast frå jussmaxinga. Kompisen hans derimot, den argentinske geriljakrigaren, Ernesto «Che» Guevara, var lege. Kva er vel meir rettferdssøkande enn å hjelpe svake og sjuke folk å bli friske? Nelson Mandela (nok ein jurist) sa at livet til Che «is an inspiration to all human beings who cherish freedom». Che via livet sitt til å kjempe mot fattigdom, imperialistisk undertrykking og systemet som haldt dei svake nede. Han gjekk så langt som å ofre livet då han vart skoten av CIA-støtta styrker, som også i rettferdas namn dødsdømde Che.
Blant vestlege studentar vart han symbolet på mennesket som stod opp for rettferda, inkarneringa av idealisme og integritet – i tillegg til nokre få kontroversar angåande idømming av dødsstraff utan rettssak osv., men det passar dårleg å gå nærare inn på dette i denne teksten. Eg ynskjer på ingen måte å romantisere vald, revolusjon og dødsstraff. Då valet sto mellom å byrje på det juridiske fakultet og å slutte meg til dei væpna kommunistiske geriljastyrkane bak dei sju fjell, falt valet på Dragefjellet.
Men ein kan samtidig undre seg over kven som verkeleg er jussmaxerane som kjempar for rettferda i verda. Er det dei bleike, trøtte dommarane og advokatane i kappe og dress, som dømmer og forsvarar innanfor eit system som er laga vel vitande om systemets manglar og urett? Eller er det den solbrune revolusjonæren med beret og gevær, som har sett seg så lei av uretten at han ofrar livet i rettferdas namn?
Tilbake på Dragefjellet stod eg framleis og tenkte på desse spørsmåla då eg vart spurt om kva eg ville skrive om. Litt sveitt av tankerekka, ende eg opp med å ikkje seie noko, eg visste framleis ikkje kva jussmaxing var. Det siste eg ville var å dele mine forvirrande refleksjonar som kunne slå sprekkar i det eplekjekke juridiske miljøet og kaste både Elden og justitiariusen under bussen. Juss fekk vere juss og maxing fekk vere maxing, meir djupt enn det treng det ikkje vere. Blikka til dei sjølvsikre jusstudentane fauk vidare og eg stod igjen med ei deilig kjensle av at framtida skulle bli lysare: eg såg for meg sjølv i ein rettssak, med bleik hud og kappe utanpå dressen, men med ein tropisk og utopisk tanke i bakhovudet.

