Injuria.no » Tema

Eit underfinansiert studium?

UiB oppnemnde på hausten 2007 Risa-utvalet ved universitetet. Utvalet hadde som oppgåve å greie ut ein finansieringsplan for korleis middel frå Kunnskapsdepartementet (KD) skulle fordelast mellom dei ulike fakulteta. Ved våren kom rapporten. Rapporten konkluderte med at det juridiske fakultetet er underfinanisert i høve til antal studiepoeng som blir generert på Dragefjellet.

Skrevet av: Stein-Ivar Gamlem
Publisert: 20.10.2010 15:38

Finansieringa av studieplassar ved universitetet byggjer i dag på ein 60/40-modell. Ved studiestart får universitetet dekt 60% av konstnadande ein student medfører. Etter at 60 studiepoeng er avlagt frå studenten blir resterande 40% dekt. Dette medfører at om universitetet tek inn fleire studentar enn det er gjeve middel til, vil kun 40% av kostnadane ein har ved studenten bli dekt.

UiB står fritt til å fordele middel dei får frå KD mellom dei ulike fakulteta. Risa-utvalet har på bakgrunn av dette konkludert med at det juridiske fakultet er underfinanisert i høve til andre allmennfakultet som SV, MatNat og HF. Reknestykke var likevel ikkje overraskande ovanfor den tidlegare fakultetsleiinga ved jussen. Fakultetet gjorde tidlegare ei utrekning uavhengig av Risa-utvalet, der det vart konkludert med at ein var underfinanisert med 40 til 50 millionar kroner.

Den 29. januar 2009 la fakultetsstyret fram ein innstilling for det framtidige ressursbehovet ved fakultetet. I rapporten blir det konkludert med at ufordringane for rettsvitenskapen har blitt større etterkvart med tida og dette setjer nye krav til utdanningsverksemda. Det vart uttala at finanseringa ved fakultet har blitt styrka ved budsjett-tildelinga ved 2009, men at ein likevel ikkje er på ønskelig mål.

Den 9. september 2010 kom det melding om at det skal bli oppretta 30 nye studieplassar ved jussen pr. årskull. Det er likevel ikkje avklåra korleis midlane for desse studieplassane skal bli fordelt mellom fakulteta på universitetet. Universitetsrektor Sigurd Grønmo har likevel her antyda at delinga skal bli rettferdig. - Pengane vil i stor grad følge studieplasseae til det fakultetet som får plassene, fortel han.

Kjelder:
http://nyheter.uib.no/?id=41249&modus=vis_nyhet
http://www.ub.uib.no/felles/organ-styr/styre/2008/Inntektsfordeling-innstill.pdf
http://www.uib.no/jur/om-fakultetet/styrer-og-utvalg/valg-2009-samleside-for-valg-av-dekanat-og-fakultetsstyre/framtidig-ressursbehov-ved-det-juridiske-fakultet-i-bergen#0oppsummering
http://www.uib.no/jur/nyheter/2010/09/flere-studieplasser-til-juss

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012