Injuria.no » Leder
Nr.4/2010
Kjære lesar!
Fyrst og fremst; velkomen til alle nye studentar på fakultetet! Og velkomen tilbake til dykk eldre studentar!
Publisert: 20.10.2010 15:16
Mange av dykk nye studentar har no valt eit studium som i stor grad vil prege livet dykk i framtida. Det er difor mange som satsar sterkt fagleg, og det er sjølvsagt naturleg! Eg vil likevel råde studentane til å ha eit blikk som strekk seg lengre enn berre lesesalsplassen sin. Det er mange studentar her på fakultet som er engasjert i undergruppene i Juristforeningen og slikt får ein utbytte av! Eit engasjement utanfor det reint faglege opnar mange dører ved at ein lærer mykje og ved at ein får eit breidt nettverk. Eg vil difor råde alle nye studentar til å engasjere seg utanfor det faglege, det skapar gode minner frå studietida.
For dei nye studentane kan eg informere om at Injuria er jusstudentane sitt eige blad på fakultet. Bladet tek opp faglege og ikkje fullt så faglege tema og har som siktemål å dekke det meste som skje her på Dragefjellet. Bladet møtast kvar torsdag i 4. etg på nybygget klokka 16.00, så for dei som er interressert i å bidra er det berre å møte opp! Har du spørsmål kan dei sendast til post@injuria.no
Bladet har no fått ein ny redaktør. Med nye redaktørar kjem ofte nye endringar. Injuria har difor slutta med å ha eit tema for heile bladet, men vil i staden for halde seg til artikkelseriar. I denne utgåva har vi forsøkt å setje søkelys på om jussen er dårlegare stilt enn dei andre fakulteta ved Universitetet i Bergen. Det er dette forsidebiletet relaterar seg til. Artiklane prøvar ikkje på nokon måte å vere uttømmande, men skal gje lesaren eit kort overblikk over kor vi står i høve til andre studentar.
God lesing!
Vennleg helsing,
Stein-Ivar Måseidvåg Gamlem
Redaktør, Injuria