Injuria.no » Leder

Nr.2/2009

Dekani ord

Når dette vert skrive er vi midt inne i ein rektorvalkamp med uvisst resultat, medan dette resultatet er kjent når dette vert publisert. Det skaper ei eiga utfordring å skulle skriva om noko som alle vil kjenna resultatet av når dei les dette, medan dette er ukjent for meg nå. Eg vil ikkje kunne påverka røystinga ved denne artikkelen og står difor friare enn eg elles ville gjera.

Publisert: 05.05.2009 18:13

Underskrivne er prorektorkandidat og dermed ikkje objektiv i høve til valet. For Det juridiske fakultet er det grunn til å innkassera ein viss siger alt før valresultatet er klart. Det juridiske fakultet har i valkampen stått meir sentralt i diskusjonen enn nokon gong. Eg kan eigentleg ikkje hugsa at Det juridiske fakultet har vore nemnt i nokon valkamp på UiB tidlegare. Nå har begge kandidatane gjeve lovnader om oppfinansiering av jus, som dei vanskeleg kan koma frå etter valet, fordi lovnadane er så tydelege. Eg har blitt skulda for å ha gjeve sterkare garantiar for oppfinansiering av jus enn det ein kan gje i ein slik valkamp. Eg er sjølvsagt klar over at eg som eventuell prorektor vil ha ansvar for heile universitetet, men eg har brukt dei siste 13 åra på oppbygging av Det juridiske fakultet og på å skapa forståing for kva vi treng av ressursar for å skapa eit godt forskings- og utdanningsmiljø ved fakultetet. Eg har ikkje tenkte å slutta med det om eg skulle bli valt i ein posisjon som gjev meg høve til meir påverknad enn eg har hatt før. Men eg er sjølvsagt medviten om at eg ikkje skal misbruka ein slik posisjon til skade for andre miljø ved UiB som også treng ressursar.

Eg vil takka for all støtte og oppmuntring eg har fått frå studentar i valkampen. Eg er klar over at ikkje alle har støtta det rektorlaget eg er med på og har full respekt for det.

Det har i valkampen blitt klart at det er ei sterkare polarisering og kanskje splitting på UiB dei siste åra. Dette er ikkje noko som er skapt av valkampen, men som har vakse fram over fleire år. Den eller dei som skal leia UiB dei neste åra vil få ei vanskeleg men viktig oppgåve i å byggja bruer og arbeida fram ein kurs for UiB og løysingar på ein del sentrale spørsmål som kan samla brei støtte på tvers av fakultets- og faggrenser.

For Det juridiske fakultet vil oppgåva måtte vera å utnytta den situasjonen som har oppstått til å byggja fakultetet vidare ut. I Oslo er det nå gjort vedtak om reduksjon av studenttalet, slik at Oslo og Bergen om nokre år vil vera om lag jamstore fakultet i studenttal. Vi må få til ei utbygging av fakultetet slik at Bergensfakultetet også blir om lag jamstort med Oslo i lærarkrefter. Målet må vera å byggja fakultetet i Bergen ut frå ein ambisjon om at vi skal bli det beste norske juridiske fakultetet både når det gjeld utdanning og forsking. Oslo har også sett i gang arbeid med studieordninga som tek sikte på modulering og etablering av basisgrupper. Dei seier dei ikkje skal innføra Bergensordninga, men det blir lite som skiljer. Vi arbeider vidare med oppfylgjinga av NOKUT-evalueringa. Vi vil vurdera innføring av bachelor- og masterordning, som Oslo nå ikkje vil gå inn på. Vi har framleis sjansen til å vera det førande fakultetet også på den måten. Etter kvart som landskapet for juridiske utdanningar i Noreg endrar seg, med etablering av nye bachelor- og kanskje mastergrader i jus på Lillehammer og eventuelt andre stader, kan det vera viktig for oss å ha ei ordning med tilstrekkeleg fleksibilitet og med ei sterk utdanning både på bachelor- og masternivået. Det juridiske fakultet i Bergen må ta sikte på å bli eit av dei førande i Noreg, og med ein sterk internasjonal posisjon og gode internasjonale nettverk. Det er ingen grunn til å stoppa opp. Vi har lagt grunnlaget for at fakultetet kan utvikla seg enda raskare i framtida.

Ernst Nordtveit

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012