Injuria.no » Leder

Nr.1/2009

Dekani ord

Eg vil litt forseinka ynskja alle studentane eit godt nytt år og ynskjer lukke til med studier og andre utfordringar den einskilde står overfor.

Publisert: 19.03.2009 12:16

For fakultetet vil 2009 bli eit utfordrande år budsjettmessig. Dette kjem ikkje av at vi har fått eit dårleg budsjett isolert sett. Tvert om har fakultetet fått ein budsjettvekst på rundt 10 mill. kroner. Fråtrekt kostnadsstiging vil dette innebera ein realvekst på rundt 5 mill. kroner. Problemet for fakultetet er at vi gjennom 2007 og særleg 2008 har lagt oss på eit aktivitetsnivå som var høgare enn budsjettet for desse åra tilsa. Dette vart finansiert av overføringar frå tidlegare år då vi hadde overskot og frigjering av stipendiatmidlar.

Fakultetet sitt hovudproblem har vore eit for dårleg høvetal mellom lærar og student. Dette kjem delvis av ressursmangel og delvis av manglande rekruttering av kvalifiserte søkjarar. Fakultetet har lagt seg på ei offensiv line der vi ynskjer å utvikla fakultetet både gjennom meir forskingsaktivitet og ved å utnytta alle ressursar vi kan til å tilsetja faste lærarar. Det siste er heilt naudsynt for å kunne gje studentane eit kvalitativt og kvantitativt tilbod som held dei kvalitetsmåla som må gjelda for eit moderne juridisk studium.

Ein komité ved fakultetet har lagt fram ei innstilling om ”Ressursrammer for utvikling av Det juridiske fakultet” som analyserer kva ressursar som trengst for det komiteen definerer som et moderne juridisk fakultet med , master og PhD-utdanning og også etter kvart ein LLM-grad. Kort sagt kan ein seia at dette krev rundt ei dobling av lærarstaben. Dette vil det ta mange år å få til, sjølv om ein skulle få dei økonomiske ressursane. Det viktige er å få lagt opp til ein jamn vekst som kan føra til ei stadig betring og utvikling av studietilbodet og også forskingsaktiviteten. Rettsleggjering av samfunnet og aukande internasjonalisering skaper ein sterk trong for fleire dyktige juristar og for rettsvitskapleg innsats i utvikling av rettssystemet. Dette krev ein heilt annan forskingsinnsats og også utdanningskvalitet enn det ein har hatt tidlegare. Det nasjonale fagmøtet for juridiske fag vil halda ein konferanse om juridisk utdanning og forsking i Bergen rundt 20. april 2009 med representantar for departement, universiteta, forskingsråd og profesjonsorganisasjonane, med sikte på å få til ei større forståing for situasjonen.

Det positive i situasjonen er at universitetsleiinga har vist forståing for Det juridiske fakultet ved budsjettildelinga og i andre samanhengar. Det er også skapt større forståing for dette ved dei andre fakulteta på universitetet. Det gjer grunn til å vona at den budsjettauken vi fekk i år kan bli fylgt opp av vidare vekst i åra som kjem. Dette er naudsynt for å utvikla fakultetet vidare og for å unngå forvitring. Dersom ein får ei slik utvikling vil ikkje budsjettproblema i 2009 bli meir enn ein parentes i fakultetet si historie, og det vil vera lagt eit grunnlag for ein ny vekst. Fakultetet har nå veldig mange dyktige unge medarbeidarar som er i ferd med å gjera seg ferdige med sine doktorgrader. Det er avgjerande for utviklinga framover at fakultetet får grunnlag for å tilsetja desse i lærarstillingar, slik at vi kan styrkja undervisningstilbodet til studentane.

Fakultetet vil ved slutten av dette semesteret overta nye kontor i byggetrinn II. Dette vil gjera det mogeleg igjen å samla dei tilsette nesten under eitt tak. Dette er viktig for utviklinga av fagmiljøet. Det er likevel eit tankekors at vi alt ved innflytting vil ha fylt bygget. For å gje rom for vidare ekspansjon vil det difor vera naudsynt med nye lokale nokså raskt. Det er likevel eit hyggelegare problem å ha enn at det blir for mange ledige kontor.

Ernst Nordtveit

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2010