Injuria.no » Leder
Nr.6/2008
Dekani ord
Juridisk forsking og utdanning har i Noreg blitt sett på som lite kostnadskrevjande, og det har blitt satsa lite på dette, sett i høve til alle andre fagområde. Politikarar og særleg utdanningspolitikarar har systematisk undervurdert trongen for juridisk arbeidskraft. Studentane har strøymt til dei juridiske studia. I Bergen avviser vi kvart år over 700 søkjarar til studiet. Tala i Oslo er enda større. Sjølv om kandidattala aukar, ser vi ingen arbeidsløyse mellom juristar.
Publisert: 02.01.2009 23:45

Vi har også gjennom Inntektsfordelingsutvalet ved Universitetet i Bergen (Risautvalet) si innstilling fått dokumentert heilt klart at Det juridiske fakultetet får nær 50 millionar kroner mindre av universitetet sine inntekter enn det fakultetet generer etter dei kriteria som ligg til grunn for tildelinga frå staten. Vi har også langt fleire studentar pr lærar enn nokon av dei andre fakulteta.
Fakultetet har sett ned ein komité som arbeider med å klarleggja kva ressursar som trengst for ei tidsmessig og framtidsretta juristutdanning. Den vil vera ferdig innan kort tid. Tilsvarande arbeid er gjort i Oslo. Det er også kalla inn til eit nasjonalt dekanmøte tidleg i desember for å drøfta situasjonen for alle dei tre fakulteta.
Universitetsleiinga i Bergen skjønar at Det juridiske fakultet treng meir ressursar. I framlegget til budsjettfordeling for 2009 er det gjort framlegg om at fakultetet få 4 millionar i ekstra styrking for 2009. Dette er positivt og viser at universitetsleiinga har skjøna situasjonen for Det juridiske fakultet, og har styrka oss i eit vanskeleg budsjettår for Universitetet i Bergen. Likevel vil aktiviteten måtte senkast neste år for å halda kostnadane innanfor budsjettramma, i ein situasjon då det hadde vore mogeleg for fakultetet å utvida staben med personell med førstekompetanse i ein grad som tidlegare ikkje har vore mogeleg.
Det er naudsynt med eit løft for å styrkja kvaliteten på den juridiske utdanning i Noreg og å auka forskingsinnsatsen. Dersom det ikkje er mogeleg for Universiteta å foreta den interne omfordelinga som trengst for å gje dette fagområdet eit tilsvarande ressursgrunnlag som andre fagområde, må sentrale styresmakter syta for naudsynt tilføring av ressursar.
Det er viktig at også studentorgana og studentane generelt engasjerer seg i denne debatten. Det er ingen grunn til at tilbodet til jusstudentar skulle ver dårlegare enn det som andre studentar ved universitetet får.
Ernst Nordtveit