Injuria.no » Leder
Nr.3/2008
Dekani ord
Den siste tida har for fakultetet og studentane vore sterkt prega av “fuskesaka”. Det har vore ei lite hyggeleg sak å arbeida med, men slik situasjonen viste seg å vera, var det ingen veg utanom ein reaksjon frå Universitetet og Fakultetet si side. Det har vore ulike syn på sakshandsaminga. Eg vil ikkje nå gå inn i detaljane, men peika på at det var mange omsyn som skulle vurderast mot kvarandre, og det vart gjort grundige vurderingar, med sikte på at skadeverknadane for fakultetet og belastinga for dei involverte skulle bli så liten som mogeleg.
Publisert: 02.06.2008 14:43

Det er nå Klagenemnda som har saka og står for den vidare sakshandsaminga og mellom anna innhentar uttale frå studentane. Fakultetet har i denne situasjonen ikkje ynskt å gå ut med argumentasjon som kan tolkast som forsøk på påverknad av Klagenemnda. Vi ynskjer at kvar av dei involverte studentane skal få ei uavhengig og individuell vurdering av si sak.
Saka har ført til ein viss diskusjon om studieopplegget. Fakultetet har heile tida meint at det skulle vore meir tilbakemelding til studentane på dei oppgåvene dei skriv, og at vi skulle hatt fleire lærarar til å leia gruppene og til å gje tilbakemelding. Fakultetet har vurdert ulike opplegg for å styrkja tilbakemeldinga til studentane. Ressurssituasjonen har gjort det uråd å kunne innføra eit nytt opplegg nå. NOKUT-rapporten gjev likevel ein god argumentasjon for at det er naudsynt å styrkja rettleiing og tilbakemelding til studentane og at det krevst meir ressursar. Vi vil bruka dette overfor både Universitetet sentralt og Kunnskapsdepartementet som argumentasjon for at det trengst meir midlar. Vi arbeider med ei analyse av kva ressursar som trengst for å kunne etterkoma dei råda NOKUT-komiteen har kome med til forbetring av studieopplegget. Dette vil bli lagt fram for Universitetet sentralt. Rektor har ynskt å få dette som eit grunnlag for ein argumentasjon overfor Departementetet. Dette arbeidet har gått upåverka av den aktuelle fuskesaka.
Både fakultetet og universitetet har sett det som klart at eventuell misnøye med studieopplegget, ikkje kan tena som grunngjeving eller orsaking for fusk. Det er heller ikkje rett at det ikkje blir gjeve noko tilbakemelding til studentane på desse oppgåvene, sjølv om det altså er mindre enn ynskjeleg. I debatten har det vore hevda at ein kan koma unna med innlevering av kakeoppskrifter eller med oppgåver som det er lagt svært liten innsats i. Det er for det første ikkje påvist at nokon har levert kakeoppskrift og kome unna med det. I samband med denne saka, er 8000 oppgåver gjennomgått manuelt. Det er ikkje oppdaga noko i den retninga i dette materialet, men det er oppgåvar som ikkje fyller minstekrava til det som vil vera ei godkjent oppgåve. Det skjer også at det blir rapportert oppgåver som ikkje blir godkjent, fordi dei ikkje viser tilstrekkeleg innsats. I slike situasjonar blir det teke kontakt med den aktuelle studenten og informert om at oppgåva ikkje blir godkjent. Dette skjer utan at dei andre studentane i gruppa blir gjort kjent med det. Oppgåva blir heller ikkje fjerna frå Kark.
Studentane er sjølvsagt opptekne av om denne saka vil skada dei som er utdanna ved fakultetet i yrkeslivet. Det er vanskeleg å unngå at det vil vera merksemd knytt til dette nå. Fakultetet vil gjera det vi kan for å få fram at dei fleste studentane våre ikkje er involvert i saka og at det ikkje dreier seg om fusk ved prøvar som har innverknad på karakterfastsetjinga. Eg trur ikkje at dette på lengre sikt vil skada verken fakultetet eller studentane våre. Skadeverknaden ville ha blitt større om det seinare kom fram at det foregjekk fusk som fakultetet var kjent med utan å ta tak i det.
Ernst Nordtveit