Injuria.no » Leder

Nr. 2/2008

Dekani ord

Hovudstrukturen i norsk høgare utdanning har lege fast over mange tiår, sjølv om det har vore reformer. Juristutdanninga har vore organisert i 3 fakultet sidan tidleg på 1980-talet. Nå kan det endra seg noko ved at Høgskulen på Lillehammer vil setja i gang bachelorutdanning i jus frå hausten 2008. Dei har ynskt eit samarbeid med oss, der deira studentar skulle kunne koma inn på 4. året på vårt studium. Dette fann fakultetsstyret av ulike grunnar å måtte seia nei til. Det er vanskeleg å ha ei slik ordning for studentar frå ein studiestad, og ikkje frå dei andre studiestadane. Saka aktualiserer likevel spørsmålet om organiseringa av studiet også hos oss. Dersom vi hadde hatt ei ordning med bachelor og master (3 + 2) ville saka ha vore uproblematisk.

Publisert: 05.05.2008 17:30

NOKUT har klart rådd til at dei juridiske fakulteta går over til ei 3 + 2 ordning. Dei juridiske fakulteta skal drøfta spørsmålet om oppfylging av NOKUT-rapporten på Nasjonalt fakultetsmøte den 4. april. Spørsmålet om korleis ein skal møta denne utfordringa frå NOKUT vil vera eit sentralt spørsmål.

Mitt syn er at tida nå er inne for å ta steget fullt ut og innføra Bologna-modellen. Skal ein gjera det slik NOKUT har skissert at ein ynskjer det, vil det likevel krevja vesentleg meir ressursar enn i dag. Ei studieordning der studentane lærer dei grunnleggjande faga dei første 3 åra og deretter spesialiserer seg innanfor ulike hovudområde dei siste to åra, ville kunne danna grunnlag for ei meir djuptgåande utdanning dei siste to åra av studiet. Dette ville og kunne gje grunnlag for fagleg utvikling ved fakultetet, ved at det vart gjeven vidarekommen utdanning i fleire fag enn dei som i dag blir undervist på 4. og 5. året.

Om ein ser dette i samanheng med utdanninga på Lillehammer, og ved dei andre lærestadane, ville det også gje eit grunnlag for meir mobilitet i studentmassen. Institusjonane ville måtte skjerpa seg for å trekkja til seg dei beste studentane. Konkurransen om studentane skjer i dag ved opptak etter avslutning av vidaregåande utdanning, på bakgrunn av karakterane frå vidaregåande skule. Studentar som har avslutta bachelorutdanninga på Lillehammer vil også kunne søkja opptak i Bergen, men dei må då søkja på grunnlag av studiepoeng etter vidaregåande og så i tilfelle søkja innpassing ved fritak for emne dei alt har hatt.

Problemet er at ei slik ordning ikkje let seg innføra, utan vesentleg tilførsel av ressursar. NOKUT-evalueringa vil ha liten nytteverdi dersom den ikkje blir fylgt opp med ressursar til å kunne gjennomføra dei tiltaka NOKUT gjer framlegg om. Vi må difor kunne gå ut frå at det vil vera mogeleg å få meir ressursar til å gjennomføra desse tiltaka, sjølv om ein ikkje treng ha illusjonar om at dette vil bli lett.

Bergen har vore eit foregangsuniversitet før når det gjeld juridisk utdanning. Sjølv om vi nett har vore gjennom ein omfattande reformprosess og kan ynskja å unngå nye endringar, er det grunn til å ta opp hansken frå NOKUT nokså raskt. Ei slik reform vil vera langt mindre omfattande enn den vi har vore gjennom, og vil neppe belasta organisasjonen særleg sterkt. Ved ei slik refom vil vi kunne skapa ein struktur som også opnar opp for meir internasjonalisering og førebur studentane betre for å eventuelt ta ein PhD etter at dei er ferdige med studiet.

Ernst Nordtveit

To improve we have to change
To become perfect we have to change all the time

Winston S. Churchill

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012