Injuria.no » Leder

Nr. 1/2008

Dekani ord

Det juridiske fakultet har alltid levd med knappe ressursar og underfinansiering i høve til dei utfordringane fakultetet har innan forsking og undervising. NOKUT har som det er gjort greie for tidlegare i denne spalta, evaluert utdanningsverksemda med sikte på reakredittering av studiet. Vi har fått melding om at styret i NOKUT ved andre gangs handsaming av saka, godkjende studiet og reakreditterte alle dei juridiske studia i Noreg. Det går fram at det var med liten margin. Problemet har vore for liten andel lærarar med førstestillingskompetanse. Det verkar ikkje som ein har vurdert talet på lærarar i høve til studenttalet.

Publisert: 10.04.2008 15:36

I denne situasjonen opplever fakultetet ein budsjettnedgang som vil få merkbare fylgjer både for forskingsverksemda og utdanningsverksemda. Mellom anna for å møta utfordringa frå NOKUT, har fakultetet tilsett fleire lærarar. Vi er nå også i ein situasjon der det er mogeleg å rekruttera førsteamanuensar, som fylgje av auka doktorgradsproduksjon. Det budsjettet fakultetet har fått for i år gjer det likevel ikkje mogeleg å gjennomføra den veksten som ein har teka sikte på. Tvert om er det tale om stagnasjon eller i verste fall nedgang for å få budsjettet i balanse. Dette er i stor grad eit resultat av eit dårleg budsjett for universitetssektoren generelt, men også delvis eit resultat av den interne budsjettfordelinga ved Universitetet.

Dei siste åra har fakultetet hatt vekst i budsjettet som fylgje av auka studiepoengproduksjon. I år opplever vi ein liten nedgang i belønningsmidlane for studiepoeng. Når budsjettet elles viser realnedgang og vi heller ikkje har overførte midlar å trekkja på, vil fakultetet neste år ha vesentleg svakare kjøpekraft enn i år. Noko av dette blir motverka ved fordelinga mellom stipendiatmidlar og driftsmidlar, men det er uansett tale om ei svekking av fakultetet sitt ressursgrunnlag.

Fakultetetsstyret har vedteke eit budsjett, der ein har gjort kutt i budsjettet for nesten alle deler av verksemda. Vi har så langt råd er prøvt å skjerma utdanning og til dels forsking, men det er neppe til å unngå at også studentane vil merka budsjettnedgangen i form av reduserte tilbod. Dette er sjølvsagt ikkje akseptabelt i ein situasjon der fakultetet så vidt har oppnådd reakredittering og der det i lang tid har vore arbeidd for å styrka ressursinnsatsen i juridisk forsking.

Nedgangen i grunnfinansieringa blir forsterka av at vi også opplever nedgang i Forskingsrådsfinansieringa til fakultetet.

Fakultetet har bede om møte med universitetsleiinga om situasjonen, med sikte på å få fram kor alvorleg situasjonen er og for å få signal om korleis framtidsutsiktene ser ut. Fakultetet vil kanskje kunne klara seg gjennom 2008 utan for store skadeverknader, men dersom det ikkje skjer ei vesentleg styrking av fakultetet sitt budsjett frå 2009, vil det gå sterkt ut over studiekvaliteten og det tilbodet fakultetet har bygt opp.

Det er viktig at også studentane engasjerer seg i arbeidet for å få styrka ressurstildelinga til fakutletet.

Ernst Nordtveit


Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012