Injuria.no » Leder
Nr. 5/2007
Dekani ord
Den sakkyndige komiteen NOKUT oppnemnde – for å vurdera dei juridiske fakulteta som ledd i akkreditteringsevalueringa – har avgjeve sin endelege rapport. Konklusjonen er at Det juridiske fakultetet i Bergen fyller krava for akkredittering. Rett nok manglar vi eit par førsteamanuensar, men komiteen reknar med at dette snart vil bli oppfylt.
Publisert: 28.11.2007 22:18

Komiteen peikar likevel fleire stader på at fagmiljøet er lite, og at ressursane er svært pressa for å kunne oppfylla vårt ambisiøse undervisningsprogram. Ut over dette er rapporten i hovudsak positiv, til dels svært positiv. Det er likevel peika på at studiet bør få ein meir internasjonal profil, også for dei som ikkje reiser ut; vi bør få ei klarare målsetjing for studiet, som også bør ha ein internasjonal profil. Komiteen meiner også at ein bør innføra bachelor og mastergrad, der mastergraden inneber meir spesialisering og fordjuping. Dei meiner ei oppdeling av det eksisterande studiet der dei siste to åra blir ein mastergrad, ikkje vil vera tilstrekkeleg. Det blir også peika på at vi har ei lågare ordgrense for masteroppgåva enn det dei andre fakulteta har, og det blir sagt at det ikkje er noko som tyder på at dette er kompensert ved strengare kvalitetskrav enn ved dei andre fakulteta.
Fakultetet arbeider nå med å gå gjennom rapporten og skal gje sine kommentarer til NOKUT. Deretter vil NOKUT gjera sitt endelege vedtak. Når dette ligg føre vil fakultetet gå gjennom framlegga og kommentarane frå NOKUT, og ta stilling til korleis ein skal fylgja opp NOKUT-rapporten, for å styrkja og vidareutvikla masterstudiet og PhD-studiet.
Sjølv om komiteen meiner fakultetet fyller minste kravet til akkredittering, er det klart at utvikling av ei forskingsbasert utdanning i rettsvitskap, krev meir ressursar. Studentgruppeleirane gjer ein svært god jobb og deira innsats er avgjerande for gjennomføringa av den studiemodellen vi har. Likevel er det ein mangel at ikkje ein større del av undervisinga skjer av personar med vitskapleg kompetanse. Dette gjeld særleg rettleiing av dei som skriv masteroppgåve. Universitetet i Bergen bør ha større ambisjonar for sitt juridiske fakultet enn at vi skal oppfylla minstekrava for akkredittering. Gjennom snart 40 år har det blitt arbeidd med oppbygging av Det juridiske fakultet i Bergen. Problemet har nesten heile tida vore mangel på kvalifiserte søkjarar til stillingane. I dei komane åra vil mange dyktige personar gjera seg ferdige med doktorgradsarbeidet og kunne gå inn som førsteamanuensar ved fakultetet. Det ville vera ei tragedie om vi ikkje skulle vera i stand til å knyta til oss desse talenta i faste stillingar.
Ernst Nordtveit