Injuria.no » Leder

Dekani ord

Fusk ved eksamen

Fusk ved eksamen og i tilknyting til heimeoppgåver har blitt rapportert å ha auka ved dei aller fleste universitet dei siste åra. Mange universitet har teke i bruk ulike ordningar for å kunne avdekka fusk, mellom anna søkeprogram som skal avsløra kopiering av materiale frå internett i heimeoppgåver.

Publisert: 14.10.2007 20:59

Vi har også hatt ei slik sak ved vårt fakultetet, knytt til utanlandske studentar. I samband med kontroll av hjelpemiddel til eksamen har det oppstått spørsmål om det er forsøk på fusk når det blir oppdaga ulovlege hjelpemiddel mellom dei hjelpemidla som blir innlevert til kontroll.

I nokre tilfelle har studentar lagt igjen kompendier eller forelesingsnotat på eksamensbordet. I og med at fakultetet berre praktiserer stikkprøvekontroll, kan det henda at slike hjelpemiddel ikkje blir oppdaga ved kontrollen. Når slike bøker eller notat blir oppdaga ved bokkontrollen kan ein sjølvsagt inndra dei, men dersom ein let det bli med det, er det ingen risiko knytt til å ”prøva seg”. Vi har hatt eit par slike saker og fakultetet har sett det slik at ein må reagera dersom ein må karkterisera det som grovt aktlaust av studenten å ta desse hjelpemidla inn i eksamenslokalet og etterlata dei på pulten. Sjølv om vi i det konkrete tilfellet ikkje trur at studenten har meint å fuska, ville vi opna for fusk, dersom det ikkje vart reagert. I tilfelle der dette berre er utslag av uoppmerksomhet eller tankeløyse er det sjølvsagt svært uheldig om dette fører til at eksamen blir annullert og må takast om att. Det er likevel ikkje mogeleg for fakultetet å skilja mellom dei tilfella der dette er eit forsøk på fusk og der det berre er eit utslag av manglande merksemd. Vi meiner difor vi må slå ned på dette, dersom det framstår som grovt aktlaust. To saker om dette er på veg til Den sentrale klagenemnda for avgjerd og deira vedtak vil bli avgjerande for den lina fakultetet vil fylgja i denne saka.

Eg vil oppmoda studentane om at deit tek alvorleg at dei ved bokinnleveringa har ansvar for at dei ikkje tek inn i eksamenslokalet og etterlet på pulten noko som ikkje er lovleg hjelpemiddel. Det kan føra til vanskar for dei sjølve og for fakultetet er det ikke hyggeleg å koma i den situasjonen at vi må annullera eksamen for studentar som i realiteten ikkje har meint fuska.

Eg vil nytta dette høvet til å takka professor Helge Thue som i desse dagar vil gå av for aldersgrensa, for innsatsen ved fakultetet i dei åra han har vore her. Det er her særleg grunn til å trekkja fram hans innsats i undervisningssamanheng. Eg vil særleg framheva hans innsats med oppbygging av faget Rettshistorie og samanliknande rett. Dette var eit nytt fag ved studieordninga som vi sette store voner til som eit perspektivfag som skulle gje studentane større perspektiv og forståing av retten. Helge Thue har med si breie og grundige orientering i rettshistorie og i europeisk rettskultur, makta å gjera dette til eit høgdepunkt i studiet som studentane set stor pris på. Han har også kunne trekkja på sitt store internasjonale kontaktnett for å få hit framståande utanlandske rettsvitskapsmenn både til dette faget og til valemna i samanliknande rett og internasjonal privatrett. Studentane har alt påskjøna innsatsen hans med forelesarprisen. På vegne av fakultetet vil eg takka for at han på denne måten har bidrege til utvikling av norsk rettskultur og til internasjonalisering av juristutdanninga. Kunnskap om rettshistorie og dei grunnleggjande trekka og skilnadane ved dei sentrale rettssystema i verda, gjer det mykje lettare å kunne ha meiningsfull kontakt med juristar frå andre land og å kunne studera og forstå framande rettssystem. Vi ynskjer Helge Thue lukke til med pensonistilværet og vonar han vil vera ein del av det faglege miljøet ved fakultetet også i framtida.

Ernst Nordtveit

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012