Injuria.no » Leder

Dekani ord, Injuria nr.4 2006

Publisert: 25.10.2006 19:25

Av: dekani Ernst Nordtveit

Resultatrapporteringa for foregåande år viser at framgangen i studiepoengproduksjon og
uteksaminerte kandidater for Det juridiske fakultet heldt fram. Dette er gledeleg, ikkje minst for studentane. Det å gjennomføra studiet på normert tid er viktig for å koma tidlegare i arbeid og unngå dei problema som utsetjingar og avbrot i studiet kan føra til. Det juridiske fakultet har høgast studiepoengproduksjon pr. student ved Universitetet i Bergen. Dette viser at studieordninga har hatt ein positiv effekt.

Fakultetet har heile tida hatt som intensjon å styrkja undervisningsopplegget på studiet etter kvart som ein klarer å byggja opp tilstrekkelege ressursar. Til det trengst det meir økonomiske ressursar på sikt, sjølv om fakultetet får tilført nye midlar som resultatmidlar som fylgje av den betra studiepoengproduksjonen. Problemet for fakultetet er likevel å klare å rekruttera mange nok medarbeidarar til erstatning for dei som sluttar eller går av og til vidare oppbygging av staben.

Fakultetet skal auka talet på stipendiater frå 16 i dag til 22 i løpet av eit år. Dette er viktig for å styrkja rekrutteringa til fakultetet og byggja opp kompetansen, sjølv om det er eit økonomisk løft som vil merkast. Det er heller ikkje enkelt å rekruttera mange nok til stipendiatstillingar. Fakultetet har kanskje ikkje vore flinke nok til å informera studentane om kva spanande oppgåver ein kan arbeida med på fakultetet. Dette vil vi prøva å endra mellom anna i tilknyting til arbeidslivsdagane som snart går av stabelen. Fakultetet har mange større prosjekt i gang, der det er rom for fleire stipendiater som kan skriva doktorgrad. Eit større prosjekt om internasjonalisering av strafferetten og kampen mot terrorisme og organisert kriminalitet er i ferd med å bli sett i gang. Vi har også eit prosjekt i konkurranserett og i europeisk kontraktsrett og det blir arbeidd med utvikling av forskingsprosjekt som gjeld Nordområda. Inn mot desse og andre område vil det vera stor bruk for unge juristar som vil gå inn i stipendiatstillingar. Eg vil oppmoda dei som kan tenkja seg å vurdera dette om å ta kontakt.

I dag har eg fått i handa skisse til romplan for det nye bygget på parkeringsplassen. Bygget skal etter planen stå ferdig hausten 2008. Det vil gje fakultetet tilstrekkeleg kontorlokale og fakultetet vil igjen bli samla. Vi vil også få ein naudsynt auke i grupperom og seminarrom. For fakultetet er det viktig at bygget også inneheld tilstrekkeleg areal for vidare ekspansjon i åra som kjem. Dette blir eit viktig spørsmål i den vidare planlegginga.

Frå 18. september sluttar professor Kåre Lilleholt ved fakultetet for å gå over i professorat i Oslo. Fakultetet seier seg lei for dette. Kåre Lilleholt har ved sida av si forsking og undervising som alltid heldt god kvalitet, også vore sentral i utviklinga av og innføringa av den nye studieordninga. På vegne av fakultetet takkar eg han for innsatsen og ynskjer lukke til i den nye stillinga.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012