Injuria.no » Leder
Dekani ord nr. 5, 2005
Publisert: 12.02.2006 22:44
Etter det nye kvalitetssikringssystemet i høgare utdanning skal NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) frå januar evaluera dei juridiske fakulteta og dei odontologiske fakulteta i Noreg. Fakultetet stiller seg positivt til at det blir gjennomført ei slik evaluering, som kjem i tillegg til dei evalueringstiltaka fakultetet sjølv gjennomfører også med eksterne programsensorar. På eitt punkt er det klart at vi er i ein situasjon som gjer at vi kan ha vanskar med å oppfylla dei krava NOKUT stiller. Det gjeld den delen av undervisninga som blir gjeve av personar med doktorgrad eller professorkompetanse. Høvetalet lærar: student ved fakultetet gjer at ein langt større del av undervisinga enn ved andre fakultet må gjennomførast av eksterne lærarar og vidarekomne studentar. Dette er situasjonen for alle dei juridiske fakulteta i Noreg og dekanane har etter Nasjonalt fakultetsmøte blitt samde om å senda eit brev til Universitets- og høgskulerådet der ein bed dei ta opp situasjonen for juridisk forsking og utdanning med Utdannings- og forskingsdepartementet i eit breiare perspektiv. Vårt syn er at det trengst ein gjennomgang av situasjonen for rettsvitskapen og juridisk utdanning i Noreg og at det må leggjast ein plan for oppbygging av dei juridiske fakulteta. Dette er ei oppfylgjing og vidareføring av det såkalla krafttaket for juridisk forsking som har vore omtala i denne spalta før, men altså med større vekt på trongen for faste løyvingar til fakulteta.
Det er mange års forsøming av rettsvitskapen og den juridiske utdanninga som nå må rettast opp, og det vil både koste ressursar og ta tid. NOKUT-evalueringa kan vera ein del av dette, men det er viktig at det blir etablert realistiske standarder for verksemda som er i samsvar med dei særlege omsyn som gjer seg gjeldande for ei profesjonsutdanning som jus også er. Det er likevel klart at det trengst eit ressursmessig løft for dei juridiske fakulteta for å møta dei krava som vert stilt.
Fakultetet har intensivert arbeidet med internasjonalisering og har gjennomgått og utvida avtalar om utveksling av studentar med universitetet både i Europa og elles i verda. I dag har vi om lag 60 slike avtaler. For studentar som har gått på den nye ordninga vil det vera mogeleg å vera i utlandet i eitt år, dersom ein også skriv masteravhandlinga si der. Mange utanlandske fakultetet tilbyr eitt-årige mastergrader (LLM), også for studentar som ikkje er ferdige med studiet i Noreg. Dersom ein tek ein slik grad, vil ein i realiteten kunne oppnå to grader med den same innsatsen, ved at ein i den norske mastergraden frå fritak for siste året på grunnlag av den mastergraden ein har teke i utlandet. Det eksisterer også stipendprogram for studieopphald i utlandet. E.ON Ruhrgas Stipendprogram Norge-Tyskland, deler ut stipend for eitt års opphald i Tyskland for magistergradsstudier (master). Vi har også ein avtale med Bond University i Australia som gjev ”David Doublet Scholarship” til ein student i året. Lånekassa gjev også stipend for utanlandsopphald og dekker studieavgift inntil ein viss sum. Fakultetet prøver å få avtale med utanlandske fakultet om at studieavgifta for våre studentar ikkje skal overstiga den summen Lånekassa dekker.
Eit utanlandsopphald gjev ei røynsle og ein kompetanse i seg sjølv, ut over det reint faglege utbytet ein får ved studiet. I tillegg til språk lærer ein noko om ein annan kultur og treninga i å fungera i eit anna land er verdfull i seg sjølv. Utanlandsopphald blir i seg sjølv sett på som noko positivt av dei fleste arbeidsgjevarar. Det er difor all grunn for studentane til å vurdera å leggja inn eit utanlandsopphald på minst eitt semester.
For mange studentar på overgangsordning er det berre ved skriving av masteravhandling det er mogeleg å få lagt inn utanlandsopphald. Avhandlinga kan då skrivast ute, men må leverast og sensurerast i Bergen. Vi har hatt fleire studentar som har gjort dette og fakultetet vil kunne hjelpa til med å finna rettleiarar ved utanlandske universitet. Studentar som er interesserte i dette bør venda seg til fakultetet, så vil vi gjera det vi kan for å skaffa dei plass og rettleiing ved eit av dei fakulteta vi samarbeider med.
Ernst Nordtveit