Injuria.no » Leder
Dekani Ord
Det er i år 25 år sidan Det juridiske fakultet vart etablert, etter at det rettsvitskaplege miljøet hadde vore bygt opp over ein tiårsperiode som seksjon under SV-fakultetet. Gjennom dei åra fakultetet har eksistert, er det utdanna tusenvis av juristar og publisert mange bøker og artiklar. Det er vanskeleg å måla den effekten verksemda ved fakultetet har hatt, men det er klart at fakultetet har sett store spor etter seg…
Publisert: 03.02.2006 14:46
Oppbygginga av fakultetet har teke lang tid og det har vore mange vanskar og tilbakeslag. Trass i dei vanskane vi har i dag på ulike felt, må det seiast at fakultetet har kome over den vanskelegaste perioden og nå er etablert på eit bærekraftig nivå. Utfordringane på forskingssida og utdanningssida er likevel store og vil krevja enda sterkare innsats framover og fakultetet må framleis ha vekst for å kunne klara dei utfordringane ein står overfor. Det ser ut til at det er veksande forståing for at det krevst sterkare satsing på juridisk forsking og utdanning både blant politikarar, i unversitets- og forskingsmiljøa og i profesjonsorganisasjonane for juristar. Det er viktig at dei juridiske fakulteta evnar å utnytta denne situasjonen til å få dei ressursane som må til for å utvikla kvalitetsreforma vidare og byggja opp forskinga til eit internasjonalt nivå.
Eit konkret problem for fakultetet er nå at det har kome krav frå departementet gjennom universitetet om tilsetjing av langt fleire stipendiater. For det juridiske fakultet kan det vera tale om 11 nye stipendiater. Dette er vanskeleg fordi det for det første har vore vanskeleg å rekruttera mange nok stipendiater. Det juridiske fakultet har nytta universitetslektorstillingar til å rekruttera unge juristar utan skriveerfaring til stipendiatstillingane. Det er ei langsiktig oppgåve, men talet på stipendiater har auka dei siste åra. Vi må nå få fram stipendiater enda raskare. Dette vil føra til at det blir mindre undervisingsressursar til rådvelde, dersom vi ikkje får ressursar til å tilsetja fleire i undervisingsstillingar. Vi er heilt avhengige av å kunne byggja opp staben med fleire førsteamanuensisstillingar og professorat for å kunne fylla dei kvalitetskrava som vil bli stilt til oss av mellom anna NOKUT som skal evaluera dei juridiske fakulteta frå januar 2006 og utover. Sjølv om vi er samde i at den vitskaplege kompetansen ved fakultetet må byggjast ut og styrkast, må vi likevel ha ein diskusjon om kva som er den rette balansen mellom interne lærarar og bruk av praktikarar i eit profesjonsstudium som jus.
Fakultetet har ikkje lagt opp til ei omfattande markering av jubileet. Det vil bli halde eit fagleg seminar med tre inviterte gjesteforelesarar den 16. desember. Eg håper flest mogeleg av studentane vil finna tid til å gå og høyra tre framståande juristar halda foredrag om framtida for rettsvitskapen, sjølv om det er tett oppunder jul.
Eg ynskjer alle lukke til med eksamen og ein god og velfortent juleferie!
Ernst Nordtveit