Injuria.no » Leder

Dekani ord Nr.1, 2005

Av dekani Ernst Nordtveit

Publisert: 03.04.2005 19:46

Den siste tida har ein studentaksjon for reform av reforma gjort seg gjeldande både i pressa og ved løpesetlar på fakultetet. Aksjonen krev endringar i den vedtekne studieordninga på sentrale punkt og trugar med aksjonar som skal råka økonomien ved fakultetet, om ein ikkje får gjennomslag for krava. Det siste vert grunngjeve med at fakultetsleiinga ikkje lyttar til studentane i dei vedtaka som vert gjort. Vi har invitert dei som står bak aksjonen til eit møte for å høyra på synspunkta og det er fastsett tidspunkt for eit slikt møte.

Fakultetet arbeider med å gå gjennom studieordninga med utgangspunkt i dei røynslene ein har gjort og dei evalueringsrapportane som ligg føre. Før jul vart det gjennomført drøftingsmøte både mellom kursleiarane og mellom storgruppeleiarar.

Det kom i begge møte fram mange gode idear og synspunkt på korleis ein kan gjera kursa betre, og det var eit stort engasjement blant lærarane for å utvikla undervisningsopplegga vidare.

Fakultetet er sjølvsagt også interesserte i å høyra på studentsynspunkt og har kontakt med dei valte studentrepresentantane i Juridisk studentutval og i fakultetsstyret. Studentaksjonen skal sjølvsagt også få koma fram med sine synspunkt og vi vil ta stilling til framlegga i samband med den gjennomgangen som pågår.

Alt no vil eg likevel framheva at eg ikkje kan sjå at det er grunnlag for påstanden om at studentane ikkje vart høyrt i prosessen eller blir høyrde no. Det var to studentrepresentantar i Studieordningskomiteen, og dei gjekk inn for den ordninga som vart valt. Det same gjald studentrepresentantane i fakultetsstyret. Det kom høyringsuttale frå JSU som gjekk i ei anna retning og den var sjølvsagt ein del av vurderingsgrunnlaget i saka. I dei sakene som i ettertid har vore oppe om studieordninga er det først og fremst i spørsmålet om ein eller to sensorar at studentane har gått sterkt mot det som styrefleirtalet har vedteke.

I andre saker kan det og ha vore usemje, men eg trur at både studentrepresentantane i styret og i UEU vil stadfesta at det er ein open diskusjon der dei kan få koma fram med argumentasjon og at synspunkta blir tekne på alvor. At ein ikkje alltid får fullt gjennomslag er ikkje det same som at ein ikkje blir høyrt. Gjennom referansegruppene har fakultetet nå også fått ei tilbakemelding på studiet av ein heilt annan breidde og kvalitet enn tidlegare og dette er eit vesentleg materiale i den vidare utviklinga av studieordninga.


Eg vil også peika på at vi på ein akademisk institusjon ikkje kan ta stilling til faglege og pedagogiske spørsmål med grunnlag i at nokon som har ei kjensle av at dei ikkje har nådd fram med argumentasjonen sin, tek i bruk ulike former for maktmiddel for å pressa sitt syn gjennom. Fakultetet brukar alle sine ressursar på forsking og utdanning, og i 2004 har vi også brukt meir enn det vi fekk tildelt. Budsjettoverskridinga vart til slutt på rundt 2,7 millionar kroner.

Hadde vi fått utteljing for den auka studiepoengproduksjonen ville vi ha fått meir enn dette i auka inntekter, men på grunn av studieplasskuttet som Stortinget vedtok, får vi berre 1,7 millionar kroner av dette. Det inneber at vi må redusera aktiviteten litt neste år for å koma i balanse. I ein slik situasjon vil aksjonar som tek sikte på å auka kostnadane for fakultetet til eksamen og undervisning, føra til at aktiviteten må reduserast på andre felt. Sidan vi brukar størstedelen av dei frie midlane våre til undervising, vil det vera undervisingsdelen som blir råka av dette.

Dei tre juridiske fakulteta samarbeider nå godt innanfor ramma av ”Krafttak for juridisk forskning” som Justisministeren har teke initiativ til. Det har blitt etter vårt syn overtydande dokumentert at juridisk forsking og utdanning er vesentleg underfinansiert og underdimensjonert i Noreg, i ein grad som set nasjonale interesser i fare. Vi vil ut frå dette argumentera for meir ressursar til jus både overfor departementet og universitetet sentralt.

Vi har vist at vi kan gå nye vegar og få til ei omlegging av eit studium som i vide krinsar vart rekna som håplaust forelda slik det var, og har nå større velvilje enn tidlegare på grunn av det. Vi vil gjerne ha eit samarbeid med studentane for å argumentera for at dette må fylgjast opp med tilstrekkelege ressursar til at satsinga kan bli vellukka.

Ernst Nordtveit

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012