Injuria.no » Leder

Dekani ord nr. 4, 2004

Av dekani Ernst Nordtveit

Publisert: 05.11.2004 18:45

Eg ynskjer nye og vidarekomne studentar velkomne til eit nytt studieår. Tilstrøyminga av nye studentar til fakultetet har aldri vore så stor nå. Det var rundt 1100 søkjarar, som er ein vekst på rundt 200 det siste året. Fakultetet har ei ramme på opptaket på 350 og tilbodet om studieplass vart gjeve til 500 studentar, fordi ein veit at det er ein del søkjarar som likevel vil velja andre studier. Vi ser ut til å ha enda nokså nær 350. Krava for opptak på vel 51 poeng er også høgare enn dei har vore før og etter mitt syn for høge ut frå ei vurdering av kva som skal til for å kunne lukkast på jus-studiet. Det er gledeleg at så mange talentfulle og dyktige unge menneske vil studera jus ved fakultetet i Bergen, men det er også leit at vi må avvisa så mange som også er talentfulle og dyktige.

Fakultetet har satsa sterkt på kvalitetsreforma og oppbygging av lærarstaben. Dette har vore naudsynt for å kunne gjennomføra reforma samstundes som ein i ein periode også skal gje undervising og halda eksamen etter gamal ordning. Gjennomføring av overgangsordninga med svært mange studentar på ein del kurs har også stilt fakultetet overfor store utfordringar. Innsatsen har ført til at fakultetet, trass i at den årlege budsjettildelinga har auka med kr. 9,2 millionar kroner i løpet av dei siste to åra, ser ut til å gå mot eit underskot i 2004 på vel 4 millionar kroner, fordi ein har brukt meir enn budsjettet. Det vil måtte føra til ei innstramming i dei komande åra for å få forbruket innanfor budsjettrammene. Kor sterk den innstramminga vil måtte bli, vil avhenga av korleis inntektene til fakultetet utviklar seg framover. Her kan det nemnast at fakultetet etter dei normene som er fastsette for tildeling på grunn av auka studiepongproduksjon, vil skaffa Universitetet i Bergen ca. 3,4 millionar kroner i 2005. Kr. 1,7 millionar kroner av dette tilfell fakultetet etter den vedtekne interne fordelinga, men fakultetet meiner at ein i denne situasjonen må få overført det meste av dette til fakultetet. Fakultetet har også hatt godt gjennomslag for søknader om ekstern finansiering dei siste åra og vil føra vidare arbeidet med dette i åra som kjem, med sikte på å avlasta grunnbudsjettet, f. eks. ved at løn til stipendiatar i større grad kan dekkast av eksterne midlar.

Fakultetet vil ta sikte på å gjennomføra innstramminga på ein måte som i minst mogeleg grad råkar undervisingstilbodet ved fakultetet. Ein vesentleg del av den innsparinga som trengst er gjort gjennom å redusera talet på sensorar frå to til ein sensor dei tre første åra. Dette inneber ei netto innsparing på 3 millionar kroner. Vi har også funne å måtte ta bort særlege tilbod som Geiloseminaret og Prosedyrekonkurransen i menneskerettar. Dette er ikkje noko ein gjer med lett hjarta, fordi dette har vore gode tilbod og populære tilbod til studentane. Vi må likevel nå bruka ressursane til å styrka tilbodet på dei einskilde kursa og det må arbeidast med tilboda til studentane i den studiestrukturen ein nå har og på ein måte som kjem alle studentane til gode.

Det vil ut over hausten bli arbeidd med å sjå kor ein kan effektivisera og eventuelt redusera innsatsen ved fakultetet, ikkje berre for å spara inn for å dekka eit underskot, men også for å kunne omdisponera personellressursar og økonomiske ressursar til tiltak som er betre og meir adekvate.

Når det tidlegare har sett ut til at fakultetet har hatt god økonomi, fordi ein har hatt overskot på budsjettet nesten kvart år, er det fordi ein ikkje har fått tak i mange nok lærarar. Ein har hatt budsjettoverskot, samstundes som det har vore skrikande mangel på lærarkrefter og undervisingstilbod. For fyrste gong er ein i stand til å bruka, på ein effektiv måte, alle dei tildelte ressursane og meir til. Fakultetet har vore underfinansiert, særleg sidan ein på 1980-talet fekk ein sterk vekst i studenttalet, utan at det var mogeleg å skaffa ressursar som svara til dette. Denne underfinansieringa har ein hatt som eit grunnleggjande problem i alle år. Sjølv om ein fekk dekka meirkostnadane ved kvalitetsreforma, var ikkje dette nok til å dekka over dei grunnleggjande problema, underfinansieringa og eit høvetal lærar:student som framleis er alt for dårleg. Fakultetet meiner at den underliggjande underfinansieringa av fakultetet, må rettast opp, for at ein skal ha ressursar til å gje ei forsvarleg undervising og forskingsinnsats på jus i åra framover. Vi vil arbeida for dette. Sjølv om det er mykje som tyder på aukande forståing for verdien av juridisk forsking og utdanning i samfunnsmessig perspektiv og for gode juristar i samfunnet, er dette likevel noko som vil ta tid.

I mellomtida vil fakultetet gjera alt ein kan for å ta vare på kvaliteten i utdanninga og på sikt gjera studietilbodet enda betre.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012