Injuria.no » Leder

Dekani ord nr. 3, 2004

av dekani Ernst Nordtveit

Publisert: 16.06.2004 16:11

Det har blitt mykje om studieordninga i dekani ord det siste året og vi kjem ikkje heilt unna dette denne gongen heller. Studentutvalet har nyleg lagt fram resultatet av ei spørjeundersøkjing om korleis studentane ser på ulike sider ved studieordninga. Eg har så langt berre fått sjå deler av resultatet frå ein journalist, men reknar med at fakultetet vil få heile undersøkjinga og vi vil gå grundig inn på resultata av den og samanhalda dette med svara på dei evalueringsskjema som fakultetet brukar. Målet vil ikkje vera å finna ei studieordning som fleirtalet er mest nøgd med i alle samanhengar, men å finna ei studieordning som fungerer best mogeleg med sikte på å gjera studentane til gode juristar, innanfor dei rammene vi har å arbeida etter. Fakultetet og underteikna er opne for å ta ein meir omfattande diskusjon om studieordninga, når vi har fått nok røynsle med den til at vi kan ha eit grunnlag for å seia noko om korleis ordninga verkar. I mellomtida må vi vera opptekne av å gjera ordninga best mogeleg og skaffa ressursar til ei god gjennomføring av undervisningstilbodet. Mitt inntrykk er at dei fleste studentane arbeider godt og effektivt innanfor rammene av den nye studieordninga, og at den stimulerer til innsats. Jamnt og hardt arbeid med studiet og dei rettslege problemstillingane som studentane blir presentert for, vil gje resultat, sjølv om læringa og den faglege utviklinga skjer på ein noko annan måte enn tidlegare.

I årsmeldinga for Universitetet i Bergen går det fram at det er sterk auke i studiepoengproduksjonen ved Det juridiske fakultet. Sjølv om ein korrigerer for at den nye studieordninga fører til at eksamen blir avlagt tidlegare og vi dermed får ein kunstig auke dei første to åra, tyder dette på at fleire gjennomfører studiet på normert tid. Dette vil vera til fordel for samfunnet, men mest for dei einskilde studentane som får mindre studielån og kjem raskare ut i løna arbeid.

Fakultetet har fått tilført vesentlege ressursar for gjennomføring av kvalitetsreforma og er i stand til å gje studentane eit betre samla tilbod enn tidlegare. Skal intensjonane i kvalitetsreforma oppfyllast fullt ut, trengst det likevel meir ressursar. Ein del vil ein få som eit resultat av auka studiepoengproduksjon, men det kan vera tvil om dette er nok. Fakultetet har sett i gang arbeid med å sjå på kor ein kan effektivisera og spara ressursar utan at det har negative verknader for kvaliteten i studiet og ein vil koma attende til dette. Ei viktig målsetjing er å bruka mest mogeleg ressursar på undervising og andre pedagogiske tiltak og mindre på kontroll og evaluering av studentane.

For fakultetet er det også viktig at ein større del av finansieringa av forskinga og kompetanseoppbygging for tilsette i rekrutteringsstillingar kan finansierast ved eksterne midlar. Fakultetet har tidlegare hatt vanskar med å få nok ekstern finansiering. Det har vore satsa medvite på dette dei siste åra og ein har oppnådd ein kraftig vekst i den eksterne finansieringa dei siste to åra. Ved fakultetet er det til dømes prosjekt i pre-aktiv strafferett og i konkurranserett som til saman har fått over 10 millionar kroner frå Norges Forskningsråd over 3 år, i tillegg til at fleire stipendiatstillingar er finansierte av forskingsrådet. Dette gjer det mogeleg å bruka større deler av grunnbudsjettet til undervisningsformål og samstundes byggja opp kompetansen ved fakultetet. Justisminister Odd Einar Dørum har engasjert seg sterkt for ei styrking av rettsvitskapleg forsking og han har kalla fakulteta og forskingsrådet inn til eit nytt møte om dette i mai. Dette er eit svært viktig og gledeleg initiativ som fakulteta vil gjera alt vi kan for å fylgja opp.

Innsatsen på forskingsfronten skaper også resultat. Så langt ser det ut til at 2004 også kan bli eit rekordår for doktorgrader. Tre stipendiater har så langt i år levert arbeid til vurdering for doktorgraden og vi ventar i alle høve to til i løpet av året. Vi har ledige stipend som vi arbeider med å rekruttera yngre juristar til. Med den nasjonale og internasjonale konkurransen ein kan venta på arbeidsmarknaden, vil ein PhD-grad i rettsvitskap vera ein stor konkurransefordel, sjølv om ein ikkje skulle velja ei universitetskarriere.


Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012