Injuria.no » Leder
Dekani ord nr 2, 2004
Av dekanus Ernst Nordtveit
Publisert: 10.05.2004 13:27

Ernst Nordtveit
Oppbygginga av Det jurdiske fakultet i Bergen har pågått i snart 35 år. Det har vore mange tunge tak og tunge slag for dei som har vore engasjerte i utviklinga av fakultetet. Målet har likevel heile tida vore klart: å byggja eit fakultet som nasjonalt og internasjonalt kunne hevda seg med dei beste. Sidan fakultetet var det andre som vart etablert i Noreg og lenge det einaste utanom Tromsø, var det naturleg at vi vart samanlikna med fakultetet i Oslo. I dag er det ingen som er i tvil om at Det juridiske fakultet i Bergen har eit nivå som fullt ut er på høgde med Oslo, sjølv om fakulteta er ulike i storleik og til dels har sin styrke på ulike område.
Særleg viktig har det i alle desse åra vore å sikra at kvaliteten på dei uteksaminerte kandidatane har vore minst like godt som i Oslo. Dette har ein klart. På arbeidsmarknaden konkurrerer våre kandidatar utan vanske med kandidater frå Oslo og Tromsø. Det vi får meldt attende frå viktige arbeidsgjevarar for juristar er svært positivt i så måte. Fakultetet har lagt vekt på å få fram dette i alle samanhengar der det er naturleg.
I det ordskiftet vi har hatt og framleis har om studieordninga i Bergen, har enkelte lagt seg på ei argumentasjonsline om at ein nå vil få svakare kandidater i Bergen enn i Oslo. Enkelte studentar har reist til Oslo for å studera av frykt for dette eller fordi dei ikkje ynskte noko form for obligatorisk deltaking i arbeidsgrupper eller oppgåveskriving. I siste nummer av Injuria var eit innlegg frå ein av desse studentane, Herman Jorkjend, som avluttar med ei oppmoding til alle Bergensstudentar om å dra til Oslo. Vår nye studieordning blir samanlikna med den eksisterande ordninga i Oslo, ikkje den nye ordninga som blir innført frå hausten. Dermed blir det nokså uinteressant for den framtidige situasjonen.
Eg vil minna om at nedskjeringa av studiet frå seks år til fem år er fastsett av Stortinget og gjeld alle fakulteta. Det er også ein klar føresetnad at studiet reelt skal skjerast ned til fem år, medan gjennomsnittet tidlegare nok var godt over seks år. Dette krev ei effektivisering av studiet med jamn og hard innsats heile tida og betre utnytting av semesteret. Etter den eldre studieordninga gjekk det bort nær fem månader, altså eit semester, i å venta på eksamenssensur, om ein ser bort frå ferietid som vart nytta til sensur.
Om Oslo og Tromsø skal klara å oppretthalda kvaliteten på sine mastere, samstundes som dei skal sikra at studentane gjennomfører dei einskilde årseiningane på normert tid, må også dei innføra tiltak for å styrkja effektiviten. Etter det vi blir informert om frå Oslo og Tromsø planlegg dei pedagogiske tiltak som ligg nær opp til det vi har innført i Bergen. Dei har også bede om å få senda deltakarar til eit seminar om utdanning av juristar som vi skal ha saman med Uppsala her i Bergen i slutten av mars. Eg tek til etterretning at Oslo og Tromsø meiner dei skal klara denne utfordringa utan innslag av obligatorisk deltaking, men er nok spent på resultatet. Ut over det vil eg ikkje gå inn på ei vurdering av dei studieordningane andre fakultetet har valt.
Jorkjend hevdar at studentane i Oslo er meir passive mottakarar av informasjon enn studentane i Bergen. Eg antar at våre kollegaer i Oslo vil vera usamde i at Oslo-studentane er passive og det er ei opplysing eg ikkje kan kontrollera. Eg vil framheva at aktive studentar i Bergen er i samsvar med vår målsetjing og kanskje eit teikn på at vi har lukkast med noko. I diskusjonen om Bologna-prosessen, som foregår over heile Europa, er spørsmålet nettopp korleis ein kan auka studentane si aktive rolle i læringsprosessen. Passiv mottaking av kunnskap, som ein berre delvis vil få bruk for i yrkeslivet, og som i stor grad vil vera forelda etter få år, har avgrensa verdi, same kor god undervisninga er. Vi vil utdanna mastere som har evne til å orientera seg i eit veksande og skiftande rettskjeldemateriale og som ut frå kunnskap om grunnleggjande rettsprinsipp og faglege ferdigheter som dei har tileigna seg, kan løysa rettsspørsmåla dei blir stilt overfor i eit langt yrkesliv.
Jorkjend viser til ein del vanskar med dei første kursa og det er klart vi har hatt overgangsproblem ved ei så stor omlegging som den vi gjennomfører. Han er nok likevel ikkje oppdatert på situasjonen. Vi har fått resultatet frå ein del kurs nå, og dei er oppløftande. På fleire kurs ligg karakternivået i den øvre delen av den ramma for normalfordelinga som er vedteke. Fleire røynde sensorar har rapportert om at nivået er minst like godt, og til dels betre, enn ved avdelingseksamenar i same faget. Vi vil vita meir om dette når vi har fått materialet frå fleire eksamener og vil legg opp til ei omfattande og langvarig evaluering av studieordninga.
Eg er overtydd om at vi med den ordninga vi har gjennomført i Bergen kan utdanna juristar som er minst på same nivå som dei som blir utdanna andre stader i Noreg og i Europa. Fakultetet har fått vesentleg tilføring av ressursar for å gjennomføra reforma, som vi elles ikkje ville ha fått. Vi skal arbeida for å utnytta desse på best mogeleg måte for å styrkja det faglege tilbodet til studentane og vi skal arbeida for meir ressursar.
Det er ingen grunn til å flytta nokon stad for dei som er viljuge til å gjera den innsatsen som krevst, og det er ikkje lettare å bli ein god jurist andre stader!