Injuria.no » Leder
Dekani ord nr 1, 2004
Av dekanus Ernst Nordtveit
Publisert: 03.04.2004 21:17

Ernst Nordtveit
Når dette blir skrive er semesteret alt godt i gang. Den nye studieordninga er inne i sitt andre semester. Det har kome fram kritikk mot deler av opplegget og det har vore gode tilbakemeldingar. Mot slutten av haustsemesteret oppstod det sterk diskusjon om bruken av dei nye karakterane og evalueringskriteria for kursa på den nye studieordninga. Det viste seg vel at usemja ikkje var så stor, og fakultetsstyret samla seg om eit vedtak som etter mitt syn vil kunne fungera rettvist og godt. Fakultetet har sett i gang omsensur på dei to kursa der sensuren fall før det nye vedtaket, for å sikra at ein brukar dei same kriteria på desse kursa.
Kritikken mot einskilde kurs på den nye studieordninga går på for lite tilbakemelding frå andre enn medstudentar. Dette er noko fakultetet har vore merksam på og arbeider med å gjera noko med. Det er ikkje eit element i den nye studieordninga at det skal vera mindre tilbakemelding. Ein hadde lagt opp til eit system for tilbakemelding ut frå dei ressursane ein rådde over. Fakultetet har fått auka den årlege løyvinga med 7, 5 mill. kroner til gjennomføring av studiereforma. Dette blir brukt til tilsetjing av fleire i lektorstilling og engasjement av eksterne lærarar og oppgåverettarar. Det er laga eit system for å sikra at alle studentane skal få tilbakmelding på minst ei oppgåve på kvart kurs. Dette vil føra til at studentane får tilbakemelding på minst like mange oppgåver kvart år, som dei tidlegare fekk på fakultetsoppgåver. Fakultetsoppgåvene var eit godt tilbod til dei som brukte det, men det var berre mellom 10 og 15 % av studentane i gjennomsnitt som leverte fakultetsoppgåver. Ressursinnsatsen til retting var difor mykje mindre enn det som trengst når alle studentane skriv oppgåvene. Dette er eit vesentleg kvalitetstiltak i den nye studieordninga og vil bli prioritert høgt frå fakultetet si side.
Ein annan kritikk er at studentane får for lite tid til å lesa. Det er klart at ein må finna ein god balanse mellom lesing og andre læringsformer. Studieordninga er lagt opp ut frå den tanken at arbeid med ei eller fleire oppgåver innan faget, vil ha ein vesentleg læringsfunksjon, både når det gjeld sjølve stoffet, evna til å resonnera rettsleg og til å framstilla stoffet skriftleg. Studentar som har vore vane med at ein vesentleg del av tida skulle brukast på lesesalen til innlesing av stoff, vil nok den nye studiesituasjonen vera ein overgang, som kan skapa frustrasjon og ei kjensle av at ein ikkje får lese nok.
Det blir arbeidd med evaluering av dei tilbakemeldingane som kjem i referansegrupper og på annan måte. Dette arbeidet vil bli brukt som grunnlag for vidare utvikling av studieordninga. Det må understrekast at det også kjem positive og entusiastiske tilbakemeldingar frå studentar.
Fakultetet legg vekt på å utvikla det pedagogiske tilbodet og har alt hatt eit internseminar om dette. I løpet av våren reknar vi med å få til eit fellesseminar med Uppsala, som er det fakultetet i Norden som har kome lengst i arbeidet med problembasert læring. Vi vonar at dette skal vera med på hjelpa oss til å løfta det pedagogiske tilbodet enda meir.
Vi tek gjerne mot tilbakemeldingar frå studentar om korleis dei opplever studiesituasjonen både positivt og negativt.