Injuria.no » Leder

Dekani ord nr 6 2003

Av dekanus Ernst Nordtveit

Publisert: 27.01.2004 16:03

Like før dette vert skrive har vi fått eksamensresultata på dei to første kursa etter den nye studiemodellen. Resultata viser ikkje stryk på det eine kurset og vel 4 % stryk på det andre. Det er også gledeleg å merka seg at det er få som får den svakaste ståkarakteren E. På den andre sida er det færre som får A på desse to kursa enn det som er målsetjinga for gjennomsnittet etter det vedtaket dei tre fakulteta har gjort for bruken av karakter-skalaen. Summen av A og B, som svarer til den tidlegare laudkarakteren, er rimeleg i samsvar med det som gjaldt tidlegare, om enn lågare enn det som er målsettinga på sikt.

Eg vil først kommentera det som gjeld strykprosenten. Det er gledeleg at det er få stryk, men vi skal ikkje overdriva verknaden av den nye studieordninga her. Stryk-prosenten for dei som har vore opptekne på studiet og har fylgt fakultetet sine kurs-opplegg, har vore i underkant av 10 % dei siste åra. Det er privatiststudentar og ein del opptekne studentar som studerer på eiga hand, som har drege opp strykprosenten til rundt 20 i gjennomsnitt for dei tidlegaste avdelingane på studiet. Likevel er det mykje som tyder på at det nye studieopplegget fører til at fleire meistrar faget godt nok til at dei står. Det er også få som har fått karakteren E.

Etter mitt syn er det grunn til å vera mest nøgde med at så mange får C, som er ein god haudkarakter. Det er vel her vi eventuelt ser den beste effekten av det nye studie-opplegget. Tilbakemeldinga frå lærarar på kursa går ut på at fleire studentar får det grunnleggjande grepet på faget som skal til for å få denne karakteren.

Kva som er grunnen til at vi får færre A på desse kursa enn det som er gjennom-snittet etter dei tidlegare avdelingseksamenane kan det vera vanskelegare å finna ei god forklaring på. Vedtaket er at nivået for A-karakteren skal leggjast slik at den skal omfatta rundt 10 % av kandidatane over tid. Etter tidlegare røynsle svarar det om lag til 2,60 eller litt svakare enn det, etter den gamle skalaen. Ein del av forklaringa kan liggja i at karakterane også tidlegare fordelte seg ulikt på ulike fag innanfor dei ulike avdelingane, slik at ein ikkje utan vidare kan samanlikna karakternivået i enkeltfag med dei gamle avdelingskarakterane. Vi har ikkje nokon statistikk over korleis karakteren fordelte seg på dei ulike faga tidlegare, og heller ikkje materiale som kan danna grunnlag for pålitelege samanlikningar. Det kan sjå ut som at erstatningsrett og kontraktsrett er vanskelege fag, der det også tidlegare har vore få karakterer på eit nivå som svarar til A. Tilbakemeldingar frå sensorar kan tyda på dette, særleg for kontraktsretten. Vi bør difor ikkje dra konklusjonar om samanlikninga med tidlegare studieordning, før vi har resultatet frå fleire fag.

Det er ei stor utfordring for sensorkorpset å leggja nivået for dei nye karakterane, i ein situasjon der det samstundes skjer ei endring av studieordninga og til dels av prøvingsformer. Mitt inntrykk er at det er lagt ned eit grundig arbeid for å få til dette. Det er likevel naudsynt å fylgja utviklinga her og å sikra at alle sensorane har den same informasjonen om og dei same oppfatningane om bruken av den nye karakterskalaen.

Til slutt ein liten kommentar til noko som stod i Bergens Tidende i samband med omtalen av resultata frå kurset i erstatningsrett. Det gjekk der fram at dekanus ikkje skulle bry seg med at det kan bli vanskar for studentane på arbeidsmarknaden ved at så mange kjem ut med dei same karakterane. Dette er ikkje dekkande for det eg sa til journalisten. Eg var ingen tilhengar av den nye karakterskalaen, som nå er lovfesta som den einaste som kan nyttast. Eg ser klart at det kan oppstå vanskar med å velja mellom søkjarar til stillingar når mange har like karakterer. Det kan føra til at andre omsyn enn det faglege nivået blir avgjerande kven som får ei stilling. Som ein som aldri har rekna med å koma godt ut i ein konkurranse etter «trynefaktoren», ville eg gjerne hatt ein meir differensiert karakterskala. Ein av grunnane til at eg har gått inn for modulisering av studiet er nettopp at dette ville avdempa effekten av kvar einskild karakter og gjerne gjera inntrykket av ein kandidat meir nyansert, ved at ein vil sjå om vedkomande har berre A-er, berre C-er, eller ei blanding av ulike karakterer. Det ville vera heilt uhaldbart som dei ferdige juristane skulle vera avhengig av nokre få karakterer etter ein så grov skala.

Derimot står eg fast på at fakultetet aldri har - eller vil koma til å gå inn for å få opp strykprosenten av omsyn til å letta trykket på arbeidsmarknaden. Alle som fyller dei krava vi sakleg kan stilla til ein ståkarakter skal få ståkarakter, og det er vår mål at så få som mogeleg skal oppleve den frustrasjonen og dei problema som det fører med seg å stryka.

[JFB0]Akkurat her berører du nok likevel et vanskelig punkt. Det er svært mange – for mange? – som får D. Når tallet C er så høyt, er det kanskje fordi vi her finner en god del av de som skulle hatt B? Det har kanskje skjedd en ”parallellforskyvning” langs skalaen?

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012