Injuria.no » Leder

Dekani ord

Med Ernst Nordtveit

Publisert: 27.01.2004 15:40

Dekanus Ernst Nordtveit
Dekanus Ernst Nordtveit

Ny studieordning og nytt karaktersystem fører til at det oppstår nye spørsmål, som det ikkje alltid finst klare svar på med ein gong. Fakultetet prøver å ta stilling til dei spørsmåla som oppstår fortløpande og senda ut informasjon, med eg skjønar at studentane i blant kan synast at dei skulle hatt klarare og betre informasjon tidlegare. Det er alltid fare for at rykte og upresis informasjon kan skapa enda større uvisse blant studentane. Eg vil understreka at fakultetet er innstilt på å gjera overgangen til ny studieordning så problemfri som mogeleg for studentane og å løysa dei problema som kan oppstå på best mogeleg måte for studentane.

I eit avisoppslag nyleg kom det fram at svært mange studentar ville få lagnaden sin avgjort av loddtrekning ved opptak til andre studieår og dette vart framstilt som eit omfattande problem. På grunn av den uroa dette har skapt, er det viktig å understreka at dette ikkje vil gjelda studentar som er opptekne til masterstudiet i haust eller dei som blir opptekne i framtida. Det er berre dei som er opptekne etter gamal ordning som må gjennom eit opptak til andre studieår, i samsvar med den ordninga som gjaldt tidlegare, med særskilt opptak til andre studieår. Vi har tidlegare teke opp rundt 220 - 250 studentar kvart år (opptakstala har variert litt frå år til år). Normalt har grensa for opptak lege på 2,90 eller 2,95 etter det tidlegare karaktersystemet. Vi har lagt vekt på å unngå loddtrekning og har lukkast i det, med unnatak av eit tilfelle.

I år er problemet at ein berre har fem karaktertrinn for ståkarakter og det kan vera fleire som får karakteren A, B og C enn det vi kan ta opp. Dette kan føra til at det ikkje blir plass til alle som får C, slik at det blir naudsynt med loddtrekning blant dei som har C. Problemet skal likevel ikkje overdrivast, og særleg ikkje før vi ser om det i det heile blir eit problem.

Dette er ein av dei uheldige verknadene av at departementet avslo søknaden frå dei tre fakulteta om å få nytta den tidlegare karakterskalaen på eksamen etter cand. jur. ordninga, så lenge det blir gjeve eksamen etter denne ordninga. Eg vil likevel peika på at grensa for å få C etter det vedtaket som dei tre fakulteta har gjort om bruk av den nye karakterskalaen, vil liggja om lag der opptaksgrensa tidlegare har lege. Det gjer grunnlag for å tru at det vil vera om lag like mange studentar som får C eller betre, som det vi tidlegare har teke opp til andre år.

Vi må vurdera situasjonen når den ligg føre, men fakultetet er innstilt på å strekkja seg så langt som mogeleg for å unngå at det blir naudsynt med bruk av loddtrekning. Sjølv om ein ikkje skulle klara å unngå bruk av loddtrekning, vil eg peika på at karakteren C etter det nye systemet vil omfatta 2-3 trinn i den gamle karakterskalaen, slik at det ikkje er tale om svært ulike prestasjonar, slik det til dels har blitt framstilt. Eg er likevel samd i at det vil vera uheldig om vi skulle bli tvinga til å la spørsmålet om kven som skal få gå vidare på studiet bli avgjort ved loddtrekning, sjølv om det er eit overgangsproblem.

Av spørsmål som har oppstått elles, er frykt for at det skal bli vanskeleg å få mange nok sakshandsamarar til Jussformidlinga, eller at studentar som kjem frå 3. avdeling inn på ny ordning, skal måtte fylgja kurs som går samstundes. I begge tilfella meiner vi at vi skal leggja til rette gode løysingar. Sjølv om det ikkje er mogeleg å presentera heilt ferdige undervisningsplaner fleire semester fram i tid, bed eg studentane ha tillit til at fakultetet ikkje vil stilla dei i ein umogeleg studiesituasjon. Det har vi ingen interesse i eller ynskje om å gjera!

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012