Injuria.no » Leder

Dekani ord

Av Ernst Nordtveit, dekanus nr 04 2003

Publisert: 20.10.2003 00:16

Eg ynskjer alle studentane, og særleg dei nye 407 som starta 1. års-studiet i haust, velkommen til nytt studieår, og ynskjer vkar einskild lukke til med studiet. De kjem til eit fakultet som har hatt og har knappe ressursar, sett i høve til oppgåvene, men som har store ambisjonar både om vidare vekst, og om sterk kvalitetsmessig utvikling av fagtilbod, undervising og forskingsinnsats i åra som kjem.

Det er satsa sterkt på utvikling av arbeidstilhøva ved utbygging av fleire dataarbeidsplasser og innstallering av antenner for trådlaus tilkopling til nettet. Noko er på plass og meir vil koma i løpet av den næraste tida. Biblioteket arbeider med utbygging av eit læringssenter der ein skal kunne arbeida med både skriftleg og elektronisk materiale. Det er viktig at studentane brukar desse tilboda til aktivt og offensivt arbeid med stoffet.

Oppstarten av haustesemesteret har i år vore ei større utfordring frå fakultetet enn vanleg. Vi har starta opp med ny studieordning, samstundes som det blir undervist etter den tidlegare studieordninga, og det vart teke opp noko fleire studentar enn fakultetet hadde lagt opp til.

Vårt inntrykk på fakultetet er likevel at denne prosessen har gått bra, og at vi har hatt lite av klikk eller problem. Dei tilsette ved fakultetsadministrasjonen gjorde ein kjempeinnsats for å få dette til, og fortener takk for det. Det nye informasjonssenteret ser ut til å ha klart denne oppgåva godt. Eg vonar at også studentane har opplevd semesterstarten som positiv.

Den vidare gjennomføringa av kvalitetsreforma er krevjande for fakultetet og den er også avhengig av at vi får tilført dei ressursane som kvalitetsreforma kostar. Vi er i hovudsak samde med Universitetsleiinga om kor mykje dette er, men ein er avhengig av at Universitetet får tilstrekkeleg store løyvingar til å kunne gje fakultetet dette. Statsbudsjettet som blir lagt fram i midten av oktober, blir difor svært viktig for oss.

Ei fylgje av den sterke utbygginga av fakultetet dei siste åra og delvis av kvalitetsreform, er at fakultetet er i ferd med å «veksa ut av» Jussbygget. Vi har ikkje kontor til fleire tilsette i kontorfløyen og vi vil ha mangel på grupperom for studentar når kvalitetsreforma er fullt ut gjennomført gjennom heile studiet. Vi har arbeidd med dette problemet sidan i vår og reknar med å få på plass ein leigekontrakt for lokale nær fakultetet i løpet av kort tid. Her vil det vera rom for kontor og for grupperom. Det er gledeleg at fakultetet ekspanderer, men litt trist at vi ikkje kan halda miljøet samla på Jussbygget. Vi har lagt vekt på å finna ei løysing på dette som ikkje skal vera til nemnande ulempe for studentane, og meiner vi har funne fram til ei god løysing.

Då bygget var ferdig årsskiftet 1994-95, var spørsmålet om Det juridiske fakultet nokon gong ville kunne fylla bygget. Etter knapt 9 år er bygget altså for lite. Dette vil kunne aktualisera bygginga av byggetrinn II som er planlagt over parkeringsplassen nedanfor bygget, men det er nok langt fram, om det ikkje kan skaffast leigetakarar til deler av bygget, til dømes Konkurransetilsynet!

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012