Injuria.no » Leder
JSU har ordet:
Eit forbetra og ryddigare lesesalsreglement?
Injuria kom med ei hyggeleg nyheit på nettsidene sine rett etter sommarferien: ”Okkupering av lesesalsplass fortsatt tillatt!” var gladmeldinga. Eller var det ei gladmelding?
Publisert: 09.09.2003 00:32
Juridisk Studentutval hadde lesesalsreglementet oppe til drøfting på allmøtet først i september. På grunn av kvalitetsreforma må det gjerast mindre endringar i reglementet, og spørsmålet stiller seg om reglementet og gjennomføringa av det bør endrast som heilskap. JSU ønskjer å ha ein brei prosess kring ei eventuell endring av reglementet. Drøftingane byrja på allmøtet.
Dei første innspela frå studentane gjekk på at reservasjonsordninga for fjerdeavdeling på cand.jur.-studiet skal halda fram utan endringar, noko som har gode grunnar for seg. For dei som skal få graden master, kan det vera ei løysing å vidareføra ei moderert reservasjonsordning, med høve til å få reservasjon til dømes det halvåret masteroppgåva skal skrivast. Høvet til å få reservasjon på grunn av sosiale eller medisinske grunnar, skulle det dessutan vera få grunnar til å fjerna.
Det neste punktet er det også i prinsippet gjennomgåande semje om: Skal pultplata vera rein for bøker, lovsamling, personlege eigedelar, tomflasker, koppar, rot og anna studiemateriell? Den enkle grunnen til at svaret på spørsmålet er ja, er at det må vera fysisk mogeleg for andre studentar å bruka plassen den dagen innehavaren av eigedelane ikkje er der.
Likevel er det lett å gløyma dette gode utgangspunktet i studiekvardagen, sidan rot på pulten er garantien for at plassen er ledig for innehavaren, anten klokka er åtte om morgonen eller åtte om kvelden. Korleis løysinga av pultplateproblemet skal skje, er noko me må ta stilling til i prosessen kring endring av lesesalsreglementet.
Når me er ferdige med desse punkta, kjem det viktigaste spørsmålet: Kva med hylla over pulten - tom og tilgjengeleg eller overfylt og okkupert? Først skal dette preiserast: Argumenta som kjem fram under, var framme på JSU sitt allmøte. Dei gjev ikkje eit bilete av studentutvalet sitt syn på saka, og pretenderer heller ikkje å vera representative for kva studentane måtte meina.
På allmøtet kom det fram at studentane naturlegvis er delte i spørsmålet. Dei som sit trygt ved sin vanlege plass, skulle ikkje ha nokon vidare trang til å ønskja endring i situasjonen - medan dei studentane som ikkje har ein fast plass å koma til kvar morgon, sjølvsagt kunne tenkja seg at alle pultane var tomme og ledige.
Det første viktige i ein prosess om lesesalsreglementet, må vera å koma fram til nokre målsetnader. Døme på slike målsetnader kan vera ønsket om ei effektiv utnytting av dei 900 plassane, eit godt arbeidsmiljø, ryddige og innbydande lesesalar og likt høve for alle til å bruka plassane. Ei løysing av spørsmålet om pulthylla, må iallfall løysast utfrå målsetnadene. Kva løysing stettar målsetnadene i størst grad - reine pulthyller eller privatiserte pulthyller med bøker og eigedelar?
I det heile kan det vera greitt å hugsa på at ei kjede er aldri sterkare enn det svakaste leddet. Den studenten som sit trygt ved sin "private" plass tenkjer truleg lite på den nye studenten som ikkje tør gå innom døra til dei privatiserte lesesalane. Likevel må ein prosess for endring av lesesalsreglementet like mykje ta omsyn til den halvdelen av studentane som ikkje har "sin plass", som til den halvdelen som alt har det.
Eit motargument mot dette er at dei nye studentane må vera litt tøffare, og faktisk våga å setja seg ned på ein av dei allereie okkuperte plassane, sjølv om dette kan vera vanskeleg.
Andre argument kan også dra i retning av at pulthylla bør bli verande lagringsplass. Det er unekteleg slik at dei som kjem klokka åtte på fakultetet kvar dag, vert sitjande på den same plassen heile tida. Bør ikkje desse - som faktisk brukar plassen kvar dag - kunna ha nokre bøker på pulthylla? Lagringsbehovet i bokboksar vil også auka ein god del dersom me får den same ordninga som på andre fakultet på våre lesesalar.
Likevel bør kan henda ikkje lagringsproblemet overdrivast; det er unekteleg slik at mange har lagra mykje dei aldri brukar på pulthylla, enkelt og greitt fordi plassen skal sjå oppteken ut. Vert dette materialet frakta heim eller noko av det til næraste bossbøtte, kan nok lagringsproblemet avhjelpast ein god del.
Eit anna argument for dei faste plassane, er at det kan vera fint å ha dei same folka rundt seg kvar dag, på dei same plassane. Kan henda kjem lesesalane også til å verta meir nytta av studentar frå andre fakultet, dersom plassane vert heilt rydda?
Nokon konklusjon skulle ikkje vera på sin plass, arbeidet med å evaluera og forbetra lesesalsreglementet har nett teke til. JSU skal fremja alle studentane sine interesser i saka, kor motstridande interessene måtte vera, og saka kjem opp til drøfting ved fleire høve. Studentutvalet er avhengig av og tek imot dine innspel på juridisk.studentutvalg@jur.uib.no, eller på kontoret i opningstida mellom tolv og eitt.
Erlend Baldersheim
avgåande leiar
Relaterte artikler
·Okkupering av lesesalsplass fortsatt tillatt
·Vet du hva som vokter plassen din?
·Nytt lesesalsreglement