Injuria.no » Leder

JSU har ordet:

Siste hand på bokstavane

av Erlend Baldersheim, leiar i JSU

Publisert: 25.06.2003 01:32

Sjølv om det ikkje er lange stunda til dei første bokstavkarakterane kjem på vitnemål og etter eksamenar, er ikkje alle sider av saka avgjort enno. I april var det Juridisk fagråd i Oslo og Nasjonalt fakultetsmøte same stad.

Juridisk fagråd er studentutvala ved dei tre juridiske fakulteta i Noreg, med studentutvalet ved friundervisninga i Trondheim som observatør. Fagrådet gav støtte til fellesutvalet for bokstavkarakterane si innstilling, som også innebar til JSU Bergen sine standpunkt i bokstavkaraktersaka.

Nasjonalt fakultetsmøte gav ei anna tilråding enn fellesutvalet og JSU primært hadde ønskt, men avvika i realitetar er ikkje store. For det første skal karakteren A over tid og på nasjonalt nivå, gjevast til om lag 10 prosent av studentane. JSU meiner dette vil utgjera ei god nok differensiering i det øvste sjiktet; særleg for Bergen sin del, med over 20 karakterar på vitnemålet.

For det andre skal det utarbeidast fagspesifikke karakterkriterium, som på ein presis måte skal oppgje kva kvalitetar som fortener kva karakterar. Språket er nok ikkje så presist som tala, men med eit grundig arbeid med denne biten, bør det vera mogeleg å laga kriterium som ikkje er for vage. Kriteria skal spegla breidda i fagleg kunnskap, med evne til å vera sjølvstendig, problematisera og tenkja rettspolitisk som nokre moment.

For det tredje vert det ikkje ein offisiell eller uoffisiell omrekningstabell frå 2,75-skalaen. I ein overgangsfase kan dette verka noko utrygt for studentane og kan henda også sensorane. To moment kan dempa uvissa: Fakulteta bør syta for at sensorane går til sensorarbeidet med like føresetnader og utgangspunkt i høve til dei nye karakterane. Like viktig som sams oppfatning av karakterar, vil sams oppfatning av dei nye prøveformene vera. Nye teksttypar til eksamen og kortare eksamenar fører til at sensoroppgåva i seg sjølv vert endra.

Vidare er det viktig for studentane å hugsa på at systemet med bokstavkarakterar skal gjelda for langt tid frametter, og at ein ikkje bør freista å halda i live 2,75-skalaen når det er politisk vedteke at han skal vekk. Det vil alt i alt kan henda vera til det beste om overgangen vert rask og total? Dessutan vil det med dei mange prøvene og prøveformene som no kjem, i det heile vera ein fordel med færre trinn på skalaen.

Dessutan skal me hugsa dette: Omsynet til nasjonal einskap er viktig ved overgangen til eit nytt karaktersystem. Det viste seg at tilrådinga frå fellesutvalet ikkje spegla ein nasjonal einskap, og difor kunne ho ikkje følgjast. Frå framlegget som no ligg, vil juristane med bokstavar tevla på like vilkår m.o.t. karakterane iallfall. Og for dei som skal tevla med økonomar eller statsvitarar vert også vilkåra så like som dei kan verta. Samla er dette positivt.

Juridisk studentutval er ikkje blind for at ein omrekningstabell har positive sider – særleg for dei som alt er inne i studiet. Dette synspunktet har me også hevda. Når utfallet no vert eit anna, ønskjer me å gjera ein innsats for at utfallet iallfall skal verta best mogeleg for studentane. Juridisk studentutval ønskjer å følgja saka heilt til ho er endeleg vedteken. Eit godt forarbeid løyser mange uklåre punkt elles i jussen, og vil truleg gjera det same i denne saka.

At du er velkomen med innspel, skal det heller ikkje vera tvil om.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012