Injuria.no » Leder

Dekani ord

Av Ernst Nordtveit, dekanus

Publisert: 25.06.2003 00:58

Arbeidsmarknaden for juristar har vore vanskeleg dei siste åra. Sjølv om juristar ut frå dei siste rapportane, har mindre vanskar på arbeidsmarknaden enn mange andre akademikarar, er det vanskeleg å få arbeid. Situasjonen er særleg vanskeleg i Bergen, fordi det her blir produsert svært mange juridiske kandidatar, i høve til det den lokale arbeidsmarknaden kan motta.

Utflytting av fleire statlege tilsyn, herunder Konkurransetilsynet til Bergen, andre tilsyn til andre byar på Vestlandet, vil om det blir gjennomført, gje mange nye arbeidsplassar for juristar i Bergen og på Vestlandet elles, der mange av våre studentar kjem frå. Eg har difor engasjert meg i arbeidet med å få Konkurransetilsynet flytta til Bergen det siste året. Mange kollegaer ved fakultetet har gjort det same, særleg etter at Juristforbundet gjekk mot flytting av Konkurransetilsynet til Bergen.

Ved sida av at Konkurransetilsynet vil gje arbeid til mange av dei kandidatane vi utdannar i Bergen, vil det også vera med på å skapa eit breiare juridisk kompetansemiljø i Bergen, noko ikkje minst Det juridiske fakultet i Bergen vil ha glede av. Dei av våre tilsette som arbeider med konkurranserett eller som er i ferd med å ta opp arbeid med dette fagfeltet, vil lettare kunne koma i kontakt med dei som arbeider med slike spørsmål i praksis, noko som nok er ein fordel. Fakultetet reknar også med at fleire juristar i Bergen vil føra til at det vil bli enklare å rekruttera hjelpelærarar og sensorar til fakultetet.

For landet vil det utan tvil vera ein fordel med oppbygging av fleire juridiske kompetansesentra i landet. Det vil føra til at fleire juristar kan skaffa seg yrkeserfaring frå ulike deler av landet, noko som klart fører til eit vidare perspektiv på rettslege problem. Det vil også skapa eit breiare grunnlag for rekruttering av juristar til toppstillingar i embetsverk og domstolar. Det har frå fleire hald blitt argumentert ope eller meir fordekt med at det skulle vera eit problem å halda oppe kompetanse og kvalitet på konkurransetilsynet eller dei andre tilsyna som det er gjort framlegg om å flytta ut frå Oslo. Dette er såpass tøvete at eg ikkje finn grunn til å bruka plass på det her. Saka er likevel ein prøvestein på om politikarane meiner at det er mogeleg og ynskjeleg å ha kompetansekrevjande verksemd utanfor Oslo.

Juristar har tradisjonelt vore vane med at ein god eksamenskarakter er det avgjerande kriteriet for å få arbeid. I framtida blir eksamenskarakteren mindre nøyaktig, og juristar må i større grad konkurrera om stillingar som ikkje er reine jurist-stillingar. Det er også mykje som tyder på at arbeidsgjevarar innan dei aller fleste yrke foretar ei breiare vurdering av kompetansen til søkjarane. I ein slik situasjon vil det kunne vera viktig å skaffa seg tilleggskompetanse og tilleggserfaring. Gjennom studiet er det mogeleg å oppnå dette ved å arbeida som gruppeleiarar, sakshandsamar i Jussformidlinga eller ved arbeid på domarkontor eller advokatkontor. Dei to førstnemnde stillingane kan også koma i staden for valfag, på nærare vilkår. Det er ingen tvil om at slike stillingar gjev god kompetanse som også arbeidsgjevarar vil leggja vekt på ved tilsetjing i den første stillinga ein søkjer etter eksamen. Det kan difor løna seg å skaffa seg slike tilleggskvalifikasjonar, så langt det kan gjerast utan negativ innverknad på studiet.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012