Injuria.no » Leder

Dekani ord

Av Ernst Nordtveit, dekanus

Publisert: 01.04.2003 01:34

Eg har nett kome att frå møte i European Law Faculty Assiciation, som er ein samanslutning av europeiske juridiske fakultet. Organisasjonen vart skipa i 1995 og har i dag rundt 145 medlemsfakultet. Organisasjonen arbeider med spørsmål som gjeld utvikling av utdannings- og forskingsaktiviteten ved medlemsfakulteta, med særleg vekt på utdanningsdelen. Interessa for arbeidet har vore særleg stor hos dei aust-europeiske fakulteta som er under oppbygging og ivrige etter å bli del av eit europeisk fellesskap. Organsisasjonen arbeider for utvikling i retning av ein felles standard i europeisk juristutdanning basert på Bologna-deklarasjonen. I skriftet «For a European Space of Legal Education» som vart presentert på konferansen, er det sagt at organisasjonen arbeider for «quality, transparency and mobility in European (legal) education, an increase increase in competitiveness of European institutions of higher education in a globalising world». Dette krev samordning av universitetsgrader og utdanning.

Det er ennå langt fram til at dette er ein realitet, men det er likevel grunn til å tru at juristar i løpet av få år vil kunne utnytta utdanninga si til å kunne arbeida i andre europeiske land, i langt større grad enn i dag. EU-direktiva om fri etablering for advokatar og anerkjenning av vitnemål, gjer det naudsynt å få til ei samordning av utdanninga.

Den studieordninga som er vedteken ved fakultetet vil gå godt inn i den modellen som vert framheva. Vi ligg såleis langt framme i den prosessen som er i gang i Europa, men det er mange fakultet i Europa som arbeider i same retning. Universitetet i Utrecht har innført ein 4-årig mastergrad, utan bachelorgrad. Problemet for dei er at det er vanskeleg å få til internasjonalisering innafor ei ramme på 4 år. Ved vårt fakultet arbeider vi med samarbeidsordningar som skal gjera det mogeleg for våre studentar å ta heile eller deler av det siste året ved utanlandske fakultet og også få rettleiing der til det skriftlege arbeidet.

Mange land - også i vest - har langt større vanskar med si utdanning enn vi i Noreg. Særleg klaga engelske kollegaer på manglande teoretisk skulering av sine kandidatar. Det kom fram at fakulteta har eit ansvar for utdanning av kandidatar som ikkje berre er klare til å møta arbeidslivet sitt behov slik private og offentlege arbeidsgjevarar definerer det, men kandidatar som er i stand til å utvikla rettssystemet og hevda dei grunnleggjande verdiane rettsstats-tanken byggjer på.

Fleire personar ved fakultetet har i den siste tida engasjert seg i arbeidet for å få Konkurransetilsynet etablert i Bergen. Det er også sett i gang arbeid med å starta eit valemne i konkurranserett og etablering av konkurranserett som eit sentralt forskingstema ved fakultetet. Vi ser det som viktig å få konkurransetilsynet hit, slik regjeringa har gjort framlegg om, både fordi det vil vera viktig for nyutdanna kandidatar å få ein større arbeidsmarknad i Bergen og fordi det vil kunne gjera det mogeleg å byggja opp eit breiare juridisk fagmiljø her. Dette vil vera til nytte både for fakultetet, Vestlandet og også for landet. Noreg har tradisjonelt hatt eit meir sentralisert juridisk fagmiljø enn dei fleste andre land. Etableringa av fakulteta i Bergen og Tromsø har vore viktige tiltak for å endra denne situasjonen. Det same gjeld etableringa av Domstolsadministrasjonen i Trondheim. Det er likevel langt att og utflyttinga av tilsyna ville skapa eit breiare rekrutteringsgrunnlag og meir nyansert erfaringsbakgrunn for viktige juridiske stillingar i Noreg. Vi får difor vona at politikarane klarer så stå mot det massive presset som fagorganisasjonar og andre legg på dei for å unngå denne utflyttinga.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012