Injuria.no » Leder

JSU:

Bokstavkarakterar i støypeskeia

Av Torstein for JSU

Publisert: 01.04.2003 01:11

Etter at rammene for studiereforma ved Det juridiske fakultet vart vedtekne i haust er denne våren sett av til å diskutera og fokusera inn mot gjennomføring og vedtak av detaljar innanfor reforma. For JSU ligg eit særleg fokus på innhaldet i bokstavkarakterane, samt for ressurssituasjonen ved gjennomføringa av reforma.

Dei juridiske fakulteta har gått saman og sett ned eit nasjonalt bokstavkarakterutval som skal innstilla på innhaldet i bokstavkarakterane som kjem i bruk frå hausten av. Kva som vert resultatet er enno ikkje avklart, men JSU Bergen har gjort seg opp si meining.

For det fyrste ynskjer JSU at ein skal leggja opp til ein skala som differensierer mest der flest studentar er. Dette for å få ei full utnytting av den nye skalaen som vert mykje meir grovmaska enn systemet ein har hatt til no.Dette medfører at ein samanlikna med dagens karakterar ynskjer to laud- og tre haudkarakterar.
Det har også vore eit viktig fokus at karakterane skal gjevast eit innhald som gjer at dei blir brukt. Med dette ynskjer JSU at ein skal basera seg på statistikkar om karakterfordeling frå tidlegare av og leggja bokstavkarakterane på eit nivå som over tid vil gje ei normalfordeling. Grunnane er at me ser det som viktig med eit nokonlunde interfakultært og internasjonalt samsvarande system. Det er også eit moment at jusstudentar i konkurranse med ein student frå NHH eller frå samfunnsvitskaplege fag skal ha samanliknbare karakterar i eit konkurranseforhold.
Det har derimot vore eit viktig moment at normalfordeling IKKJE skal nyttast ved karaktergjeving, berre ved utforming av innhald.

Det har vidare vore eit viktig moment at skilja i ein ny skala relatert til 2,75-skalaen skal leggjast på karakterar som er godt innarbeida hjå sensorane.

Med omsyn også til differensieringsbehovet hjå dei mest attraktive arbeidsgjevarane, som lovavdelinga, regjeringsadvokaten, universiteta og dei store advokatfirma har JSU tatt til orde for følgjande bokstavkarakterskala samanlikna med dagens karaktersystem:

A vert 2,55 eller betre, B vert 2,75 eller betre, C vert 2,85 eller betre, D vert 2,95 eller betre, E vert 3,15 eller betre og F vert ikkje greidd.

Om dette går gjennom gjenstår enno å sjå.

JSU vil også framover jobba for å sikra fakultetet nok midlar til å kunna gjenomføra reforma. Både økonomiske-, mennesklege- og bygningsmessige ressursar må på plass for at innføringa skal gå etter planen. Ettersom Det juridiske fakultet har lagt opp til ein verkeleg reform vil ein nok stilla godt i kampen om ressursar frå Universitetet. Det er i alle fall håpet. I løpet av mars skal Universitetet sitt styra gjera fordeling av midlar til gjennomføring. JSU vil her arbeida aktivt for at fakultetet skal få det ein faktisk treng. Viss ikkje greier ikkje fakultetet å gjennomføra dei intensjonane ein har vedteke og studentane vil få eit dårlegare tilbod enn det ein er lova. Ein slik ende på visa er etter JSU sitt syn ikkje til å leva med.

Det er også andre ting som vert handsama no om dagen. Bl. a. er privatistordninga sett under

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012