Injuria.no » Filmanmeldelser

Filmanmeldelse:

Da Vinci Koden

Regi: Ron Howard
Med: Tom Hanks, Audrey Tatou, Ian McKellen, Jean Reno, Paul Bettamy med fleire.
Nasjonalitet: USA
Lengde: 2 t 28 min.
Type: Drama/spenning

Publisert: 26.05.2006 20:55

Av: Anders Johansen

Jesusdetektime for vaksne

Regissøren Ron Howard har ikkje hatt mykje spelerom med tanke på handlinga i filmen då dette er filmatiseringa av boka med same tittelen som filmen, og som har ein fanskare i alle aldrar i heile verda. Ingen kan sjå denne filmen og forvente noko meir enn det som er i boka. Såleis er tvangstrøya tredd på.

Historien for dei som ikkje har lese boka eller sett filmen i lesande stund er at professor i mellomaldersymbol Robert Langdon (Tom Hanks) blir tilkalla av politiet i Paris for å sjekke diverse symbol som var på drapsstaden (inne i Louvre) til ein av sine kolleger. Politimannen captain Fache (Jean Reno) som først har kontakt med Langdon viser seg å mistenke Langdon frå byrjinga. Såleis blir Langdon redda av den snille politikvinna Sophie Neveu. Begge blir brått dratt inn i saka, meir eller mindre ufrivillig grunna deira nyfikne natur og omstenda elles. Det heile viser seg etter kvart å bli jakten på den heilage gral. Kven har ikkje tidlegare vore på jakt etter den? Hint: Mann med pisk og hatt, og Indiana til fornamn.

Utan å attfortelje historien kan eg sei så masse at det heile blir ein slags kamp mellom dei som meiner at Bibelen ikkje fortel den eigentlege historia, og dei konservative litt slemme kristne som vil verne folket mot historia då det vil forrykke maktbalansen.

Når det gjeld skodespelarprestasjonane vart eg mest skuffa av Audrey Tatou.
Ho er ven, vakker og innerst inne ei fantastisk skodspelarinne.
Det viste "Den fabelaktige Amelie fra Montmartre" oss.

Ho var sikkert veldig flink i den filmen fordi ho snakka fransk og holdt seg til dei nære problema. Ikkje heilag gral tvisten. Ho var på mange måtar lite truverdig i filmen. Til tider var ho slapp, replikkane hennar var påtatt, og til tider har eg sett mykje betre prestasjonar i ”Vil du bli en superstjerne” på TV2.

Tom Hanks var heller ikkje i sitt ess. Han var trøtt og litt fjern. Dette skuldes truleg rolla som professor type fagnerd. Men dei som ser filmen vil sjå at han ser veldig trøtt ut, og regissøren kunne spandert ein kopp kaffi før han skulle på settet.

Derimot Ian McKellen var overbevisande. Han er generelt dyktig, og Da Vinci Koden var ikkje noko unntak.


Sjølv om replikkane hans til tider var litt teite. Sånn som når han landa med jetflyet sitt i England føre eit titalls politibilar og fem dusin politimenn. Dette fordi han var ettersøkt for drap av Interpol. Då spurte han om det var marihuana-saken dei hadde stilt opp for. Gamle menn som spøker om cannabis er ikkje morsomt lengre. Det er 90-tals.

Sjølv har eg ikkje lest boka, og eg har heller ikkje tenkt til å gjere det etter å ha sitt filmen. Forventningane før filmen var ikkje dei heilt store, men eg ville vente å vere underhaldt til ein viss grad gjennom filmen. Eg vart verken skuffa eller overbevist, men det heile vart til tider ganske opplagt. Eg kunne spå utfallet av filmen ganske tidleg, og det utan at nokon har fortalt meg om kva som skjer. Det er ikkje bra når ein har med ein spenningsfilm å gjere. Har du stramt kinobudsjett: Sjå noko anna. Har du både masse pengar og tid du kan gjere som du vil med: Sjå filmen, eller ein annan.

Dommen: §§§§§

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2010