Injuria.no » Filmanmeldelser
Filmanmeldelse:
Gymnaslærer Pedersen
Regi: Hans Petter Moland
Med: Kristoffer Joner, Ane Dahl Torp, Henriette Steenstrup, Fridtjov Såheim med fleire
Lengde: 2t 03min
Nasjonalitet: Noreg
Sjanger: Drama
Publisert: 01.03.2006 22:47

Tynne skodespelarar i opphaussa sosialrealistisk vissvass.
”Gymnaslærer Pedersen ”er ein av årets store norske filmar om ein ser på budsjett, besetninga i filmen og mediahaussing. Filmen har fått jamt god kritikk bl.a. terningkast 5 i Dagbladet. Dette er heilt ufortent.
Syttitalets skjebne var polarisering av idear om kva som skulle bli framtida. På den eine sida stod dei som trudde på det samfunnet som dei levde i, og på den andre stod dei som var sikre på at det skulle komme ein raud væpna revolusjon. I filmen følgjer me gymnaslærar Pedersen som er ein nygift mann, tilsynelatande litt grå og kjedeleg, men han berer på ein løyndom ovanfor resten av verda, herunder kona. Han har meldt seg inn i AKP/ML sitt lokallag i Larvik.
Denne løyndomen som utvikler seg utover filmen blir til sidesprang med Nina Skåtøy (Ane Dahl Torp). Sidespranget får mykje tid i filmen. Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner er ikkje mykje skjønne der dei ligg og har seg til saman nesten eit kvarter i filmen. Sex er gøy på film, men ikkje overdrevent masse.
AKP/ML sitt Larvik lag venter i spenning på den væpna revolusjonen. Denne skal dei vere del av. Nina sluttar i lækjar-jobben sin og starter på ein konfeksjonsfabrikk for å bli ei på ”gølvet”. Dette viser seg i praksis som eit dårleg val. Ho er ikkje som dei andre på fabrikken og taklar miljøet dårleg.
Pedersen vert pressa av dei andre til å slutte jobben som lærar, tross alt det er jo ikkje ein proletarjobb. Dette vil han ikkje fordi han er ei treklure som veit han ikkje ville fungert på fabrikk eller tilsvarande.
Historia blir fortalt på ein sær og slitsam måte. Vanlege scener som skal fortelle filmen sitt bodskap blir vevd saman med filmsnuttar av kinesiske maoistar som veiver med Maos vesle raude i takt, iblanda dårleg propagandamusikk. Dette blir etter ei stund eit stort irritasjonsmoment for sjåaren.
Som om ikkje dette er nok er skodespelarprestasjonane mindre gode. Min kjennskap til Ane Dahl Torp strekker seg berre til ”Kvinnen i mitt liv” der ho spelte med Thomas Giertsen som ikkje har noko på filmlærretet å gjer. Etter å ha sett ”Gymnaslærer Pedersen” undrar eg om Ane Dahl Torp skal få den same tilbakemeldinga. Ho er absolutt ikkje truverdig i rolla. Sjølv om ho prøver etter beste evne virkar det som ho ikkje trur på manus.
”Gymnaslærer Pedersen” har eit spennande tema. Eit kapittel i norsk historie som mine foreldre var delaktige i. Det var ein verden der folk meinte at enten så var kommunisme rota til alt vondt eller så var det det medisinen mot alt vondt. Samfunnet var polarisert. Filmen får dette fram. Det skal den ha ros for, men filmatisk og skodespelarmessig er dette lavmål. Så mitt tips er; ikkje sjå filmen om du ikkje har lyst til å bli lei, irritert og forbanna på at du ikkje heller brukte pengane på billeten på noko anna.
Dommen: §§§§§