Injuria.no » Festlig

Nr.5/2008

Eit episk liv

Eg har lenge lurt på korleis dei frå meir urbane strøk opplever Bergen. Etter mykje tankar og observasjonar har eg kome frem til ein personlegdom som eg håpar dykk synes representerar denne majoriteten på jussen.

Publisert: 15.11.2008 04:15

Eg skulle ynskje eg kom frå Bærum. Eller Asker. Eller Oslo vest. Slik at eg kunne ha studert siviløkonomi eller jus i Bergen for å oppleve ”noko nytt”. Dei fyrste dagane kunne eg ha blogga om at eg no har fått eit kjærleiksforhold til den store, raude samlinga av lovverk og at
det faktisk regner så mykje her i byen som alle trur det gjer. Og ja, fadderuka var kjekk fordi det er heilt fantastisk å drikke- ein får jo ikkje nye venner i edru tilstand. Eg møtte faktisk på nokon frå Sogn og Fjordane, og det var så ”sykt lættis” at eg sa til dei at eg trudde at alle frå Sogn og Fjordane hadde vore med i programmet ”Der ingen skulle tru at nokon skulle bu”.

Men etter fadderuka fann eg ut at eg ikkje hadde noko særleg til felles med dei frå perifere strøk i dette landet. Eg fann det mykje artigare å drikke saman med gutar i New Era skjermlue, langt hår, overdimensjonerte kinnbein, raude bukser med ein fiffig strikk rundt
okla og kvite Converse-sko. Gutar som i festlege anledningar bruker å seie, med positiv respons frå den kvinnelege delen av vorspielet, at deira største draum er å sniffe kokain frå brysta til Jenny Skavlan på toalettet på Metro. Jenter med perleøredobbar, høgt og blondt hår, skjorte og høghelte sko på førelesning, og som klagar over kor dårleg batterilevetid Mac-en deira har. Utanfor lesesal 14 sit dei saman i klein- genserane sine og fortel om kor mykje kjentfolk heime frå det var på Feliz i går.

Og det er så festleg når desse kjønna kjem saman på ein fest, for då set dei av tid til å samlas i ein ring for å synge songar arbeidarklassen. Trøndelag likar før turen går på Metro. Og ein
fotoansvarleg tek bildar som dei kan hygge seg med på Facebook dagen etter ”sykt hyggelig, MÅ bli en tradisjon ass!”

Jenter som pratar lenge om kor mange ord dei brukte på sist arbeidsgruppeoppgåve, kor mykje dei opplevde då dei var på ein regatta i Frankrike og kor fæl Bergen eigentleg er. For dei tek seg ein tur heim til kjærasten sin som jobbar i eit finansfirma i Vika, kvar moglegheit dei har. ”Eg saknar Carl Julian, han er så god”, seier ho eine heile tida. Og eg synes at ho er så djup, for ingen har uttrykt sin kjærleik på ein slik måte som ho gjorde med akkurat den setninga.

Eg synes eigentleg Bergen er oppskrytt eg også. Eg saknar Oslo. Eller Bærum. Eller Asker. Men gjengen her er fantastisk. Eg trur eg var lei av opplevinga Oslo ga meg på eit makronivå. Oslo i Bergen er så mykje betre. Eg synes folk frå Steinkjer, Bardufoss og Stavanger er kjedelige, dei gir meg ikkje noko, viss du skjønar meg. Eg skjønar jo ikkje eingong kva dei seier.

Dessutan har dei ikkje eingong ein Helly Hansen- regnjakke. Med stor krage og ei hette med refleks. Det er ingen frå distriktet som ser ut som at dei nettopp kjem frå ein segltur, og det er eit klart teikn på at vi ikkje har same preferansar. Gjengen min forstår meg. Dei lukter sjøsalt og pratar om kor sjukt kult det var i Nice i sommar. Eg lev eit episk liv.

Distriktet er så tysdag. Dei spisar fisk og potetar til middag og liker det. Det er liksom ikkje eingong begynninga av uka når du kan fortelje dine venner om helga. Og det er altfor lenge til neste helg til at eg kan byrje å snakke om neste helg. Dei brukar ansiktskrem frå dagligvarehandelen. Dei drar på pakketurar til Syden og likar fotball. Eg likar fotball eg også, men berre Lyn og Stabæk. Ikkje Kongsvinger, liksom. Dei drikk øl, og ikkje eingong alternativet som inneheld mindre kaloriar. Og det er ingen av dei som har kjøpt seg bustad.

Nei. Bergen var berre interessant i byrjinga. Då det var morosamt å høyre dei rare dialektane og folk som brukar olabukser med bootcut. Bergen er som då eg reiste jorda rundt. Utlendingar var interessante heilt i starten, men når du skal tilbringe meir tid med dei blir dei berre slitsame. Eg vonar å flytte heim att.

Anonymt leserinnlegg.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2010