Injuria.no » Faglig

Nr.4/2009

Sonia Sotomayor

Sonia Sotomayor (55) blei den 26. mai 2009 nominert av president Barack Obama til USA sin høgsterett. Den 6. august blei det klart at det amerikanske senatet stemte for Sotomayor med 68 mot 31 stemmer.

Publisert: 26.10.2009 19:21

Sotomayor er fødd og oppvaksen i New York, men foreldra er opphavleg frå Puerto Rico. Dette gjer Sotomayor til den fyrste høgsterettsdommaren med latinamerikansk bakgrunn.

Gunnar Grendstad, USA-ekspert og professor ved Institutt for sammenlignende politikk ved Universitetet i Bergen, seier at Sotomayor fyrst og fremst er ein ekstremt dyktig jurist. Ein kan på same tid ikkje sjå vekk frå at Obama valte ein dommar med latinamerikansk bakgrunn for å sikre seg stemmene til den store latinamerikanske befolkninga i USA. Latinamerikanarane, eller ”The Hispanic” utgjer omlag 15 % av den amerikanske befolkninga. Tidlegare president George W. Bush hadde eit liknande forsøk på å fri til latinamerikanarane med sin kandidat til høgsterett Alberto Gonzales, men blei nedstemt i senatet. At Sotomayor blei valt inn er derfor å sjå som ein seier for Obama, og det er godt mogeleg han vil hauste fruktene av dette ved neste val.

Det er ikkje berre det at Sonia Sotomayor har latinamerikansk bakgrunn som særmerkar ho i den amerikanske høgsteretten. Ho er også kvinne. Sandra Day O’Connor var den fyrste kvinna i amerikansk høgsterett. Ho blei innsett i 1981, og trekte seg i 2005. Ruth Joan Bader Ginsburg var den andre. Sistnemnde sit framleis, så av ni seter er no to besett av kvinner.

Gunnar Grendstad seier den amerikanske høgsteretten som politisk institusjon ikkje vil vere legitim om den ikkje gjenspeilar befolkninga i landet. Dette gjer det viktig å ha representantar av ulike kjønn og med ulik etnisk bakgrunn. Likevel er den amerikanske høgsteretten framleis dominert av kvite menn. I følgje Sotomayor er dette ikkje heilt heldig, då ho håpar at ei ”wise latina” oftare vil komme til ein betre konklusjon enn ein kvit mann. Denne uttalinga fekk mykje merksemd i høve til nominasjonen av Sotomayor, og fleire republikanarar meina den var prov på at ho er unøytral, og ikkje minst rasist. Det heile enda med at Sotomayor måtte trekkje tilbake uttalinga.

Sonia Sotomayor har også vorte kritisert for å dømme for liberalt, særskilt i høve til den grunnlovfesta retten til å bere våpen. Denne kritikken kjem frå republikanarane, dei same som stemde mot henne i senatet. Amerikansk politikk har eit generelt skilje der demokratane vert sett på som dei liberale og republikanarane som dei konservative. Ettersom Sotomayor er valt inn under ein demokratisk president er denne kritikken ein typisk reaksjon frå republikanarane. Det må i denne samanheng nemnast at i USA, i motsetnad til i Noreg, er Høgsterett ein politisk institusjon. Som Høgsterettsdommar sett inn under ein demokratisk president er det forventa at ho skal dømme etter deira politiske ideologiar, typisk i saker om sosiallovgivnad, økonomiske avgrensingar og den nemnde saka med rett til å bere våpen.

Eit eksempel på at Sotomayor dømmer i takt med verdiane til demokratane er ”Citizens United vs. Federal Election Commission” som er oppe i amerikansk Høgsterett no. Saka er at eit stort selskap under presidentvalkampen sponsa ein film som stilte presidentkandidat Hilary Clinton i eir dårleg lys. Under høyringa i forkant av saka blei Sotomayor tolka til å meina at det var ønskeleg med ein snever dom. I dette ligg det at reglane om på kva tidpunkt og på kva måte store selskap kan skyte inn pengar under valkampen skal vere strengt regulert. Motstandarane til dette synspunktet meiner bruk av pengar i valkamp er eit uttrykk for ytringsfridom, og at området derfor ikkje skal verte regulert i det heile.

Gunnar Grendstad påpeiker at sjølv om Sotomayor er å sjå som liberal endrar ikkje innsettinga den ideologiske samansetninga av den amerikanske høgsteretten, då ho erstattar David Souter, som også er kjend for å vere liberal.

Innsettinga av Sonia Sotomayor har skapt mykje oppstyr, men ho er no trygt plassert i eit av dei ni seta i høgsterett for ei god tid framover. Enkelte hevdar også at republikanarane har svekka si tilitt blant den latinamerikanske befolkninga på grunn av sin massive kritikk av Sotomayor. Om det er tilfelle er det i alle fall ingen tvil, om det var nokon frå før, om at Obama gjorde eit lurt val.

Tekst: Ingrid Egeland Thorsnes ingrid.thorsnes@student.uib.no

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2010