Injuria.no » Faglig

Nr.2/2009

Endringar i Pasientlova gir utvida mogelegheit for bruk av tvang

Etter nyttår vart endringane i Pasientlova i høve til utvida bruk av tvang verksame. No kan alt helsepersonell bruke tvang mot somatiske pasientar i opp til eit år.

Publisert: 05.05.2009 19:12

Den nye lovgivinga vil i praksis seie at alt helsepersonell, i spesialtenesta, kommunetenesta og tannhelsetenesta har lov til å tvangsinnlegge pasientar. Dei kan også nytte rørslehemmande midlar som til dømes belte. Pasientane som er ramma av lova er personar med demens, utviklingshemming og fysiske- eller psykiske forstyrringar. Dette er pasientar som manglar emne til samtykke.

Tilfelle der dei nye reglane vil gjere seg gjeldande er når det er til pasienten sitt beste at tvangen vert gjennomført. Typisk at medisinsk behandling er naudsynt, men pasienten motset seg hjelpa han eller ho vert tilbudt. Det vert då ei vurdering om kva nytte det har å gjennomføre tiltaket ved tvang, i høve til kva konsekvensar sjølve tvangshandlinga har for pasienten. Tvang kan opplevast både nedverdigande og traumatisk. Dei pasientane som vert ramma av lova er ofte også i utgangspunktet forsvarslause og hjelpelause.

Sykepleirforbundet meiner det er naudsynt med minst ein høgskuleutdanna person når det skal takast avgjersle om tvang. Dette er Stortinget ikkje einig i. Helse- og omsorgsdepartementet meiner det er opp til kvar enkelt arbeidsgivar å syte for at det er kvalifisert personell som tar avgjerda om det skal gjennomførast bruk av tvang. Slik sett vert det ei vurdering i kvar enkeltsak om kven som er skikka til å fatte avgjerda.

Omsynet til å opptre forsvarleg stiller sterkt i Pasientlova, og i helsesektoren sin handsaming av pasientar generelt. Tvang skal alltid vere ”siste utveg” når alle andre formålsmessige midlar er utprøvd. Gjennomført tvang skal alltid registrerast, og pasienten sin journal skal innehalde informasjon om tiltaket og den faglege vurderinga i forkant. Men det finst ikkje noko registrering av i kva grad andre mogelegheiter vert forsøkt i forkant av tvangen. Kontrollen som vert gjennomført er ”stikkprøvar” og internkontroll. Det er ei viss fare for at tvang vert ein ”lettare utveg” enn andre løysingar på problemet. Dette er i så fall svært uheldig.

Den nye lova legg mykje ansvar på vanleg helsepersonell, ei avgjerd om eventuell bruk av tvang krev djup fagleg kunnskap og vurderingsemne. Slike vurderingar vil naturlegvis krevje godt utdanna eller personell med lang erfaring. Situasjonen er i dag dessverre slik at helsesektoren er underbemanna, har mangel på fagleg utdanna personell, og arbeider innanfor stramme økonomiske rammer. Dette kan gjere den praktiske gjennomføringa av loven komplisert. Pasientar som er under dagleg tvangsbehandling kan risikere at helsepersonell legaliserer tvang også på områder som ikkje er regulert av lova. Dette er naturlegvis vanskeleg å forutsjå, men det er utvilsamt at lova kan få uheldige konsekvensar om den ikkje fungerer som planlagt.

Skrevet av Ingrid Egeland Thorsnes ingrid.thorsnes@student.uib.no, Illustrasjon av Siv Hansen

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2010