Injuria.no » Faglig
Nr.2/2009
Stor deltaking på Aksjedagen
Spenninga var stor i auditorium 3 den 17. mars. Det var igjen duka for den største happeningen i året for Juridisk Finansklubb; Aksjedagen!
Publisert: 05.05.2009 19:05

Besøk frå Luksusfellen
Magne Gundersen, kjend frå “Luksusfellen” på TV3, hadde eit foredag om ein korleis ein kan få orden på privatøkonomien sin. Auditoriet var fylt opp og skuffelsen lyste då det vart kjent at vi ikkje fekk sjå noko til Gundersen anna enn ein video som hadde blitt filma i anledninga. Gleda var derfor stor når det viste seg at Gundersen sjølv satt i salen og trappa lett opp til talar stolen! Tipsa hans om korleis ein sjølv skal få betre økonomi vart illustert med typiske økonomiske glippar deltakarar i “Luksusfellen” hadde gjort, til stor glede for mange av tilhøyrarane.
“Mange av tipsa kan virke nærmast for enkle, men mange av deltakararane i programmet har blitt overraska over kor mykje dei kan spare på små ting. Ein caffè latte til kr 33 kvar arbeidsdag blir 7590 kr i året”, fortalte han. Gundersen advarte i tillegg mot å unngå impulskjøpa, han meinte at butikkane trass alt er laga slik at ein skal ta med seg meir frå butikken enn det ein strengt tatt har bruk for. “Dette er kanskje bra for omsetjinga til butikkane, men det er ikkje bra for deg og meg.” Fleire av tilhøyrarane såg ut til å tenke godt over dette utsegnet.
Kurs i privatinvestering
Netfonds, ved Kim Andersen og Jonas Saltnes, kursa i korleis ein sjølv kan bli sin eigen investor. “Målet er å vise studentane kor enkelt det er å bli sin eigen investor, mange har inntrykk av at aksjemarknaden er særs komplisert. Investering på privat basis er enklare enn kva folk trur”, meiner Andersen. “Sjølv lærer vi mykje av å delta på samlingar som dette, studentane viser oss korleis dei sjølv ser på marknaden, og dette får vi mykje lærdom av. I det heile er dette minst like mykje ein vinn-situasjon for oss.”
Djupdykk i finansverda
AksjeNorge var representert ved dagleg leiar John Peter Tollefsen. Organisasjonen arbeidar for å spreie allmennkunnskap blant befolkninga om korleis aksjemarknaden fungerar og her kunne Tollefsen by på eit ekte djupdykk! Foredraget ga ein illustrasjon om dei ulike faktorane påverkar kvarandre og verknadane av finanskrisa. “Ein ting er det viktig å merke seg, økonomien vår er styrt av psykologi. Det er vår subjektive oppfatning av verda som bestemmer den økonomiske utviklinga og ingenting anna”, fortalte Tollefsen.
Han kunne på det sterkaste anbefale aksjer som ein soldig investering. “At aksjer historisk sett har gjeve best avkastning er liten tvil om. Det viktige er å sjå dei lange linjene. Ein må ikkje sjå på hunden, men eigaren. Hunden kan like aksjekursen hoppe fram og tilbake, medan eigaren er bunnsolid og fortsett rett fram!”
Godt nøgd deltakar
Vinesh Mistry, deltakar på Aksjedagen, var godt nøgd med programmet ein kunne by på. “Eg likte spesielt godt foredraget med Magne Gundersen, han klarte på ein underhaldande og lettfatteleg måte å rette økonomi mot enkeltpersonar”, fortel Vinesh. “Det var også godt å sjå at AksjeNorge klarte å rette aksjehandel mot enkeltpersonar og samtidig gjere det lettfatteleg. Foredraget til Netfonds var eit godt supplement til dette.”
Populær avslutning
Som seg hør og bør vart avslutninga gjennomført med god stil, med både gratis pizza og utdelinga av fine premiar på programmet. Ikkje overraskande deltok særs mange på dette og spenninga var stor ved loddtrekninga, der spenninga auka for kvart lodd som vart trekt ut, men som mangla eigar. Humøret var godt gjennom heile dagen og arrangamentet såg ut til å vere vellukka. “Eg er nøgd med denne dagen og håpar verkeleg at neste år også blir eit godt arrangement”, sa Øystein Slettebø, aksjeansvarleg ved Juridisk Finansklubb.

Skrevet av Stein Ivar Gamlen