Injuria.no » Faglig
Nr.2/2009
Fleire vegar til å bli advokat
Ein kan få advokatbevilling på andre måtar enn den tradisjonelle vegen som advokatfullmektig. Marte Røv har valt ein annan veg.
Publisert: 05.05.2009 18:41

Det er § 220 i Domstollova som regulerar på kva måtar ein kan få bevilling til å drive advokatverksemd. Ein har fire val; den tradisjonelle vegen som advokatfullmektig, som ansatt ved påtalemakta innan sakshandsaming av rettssaker, som universitetslærar i rettsvitskap eller som dommarfullmektig. Marte Røv er sistnemnte.
Livet som dommarfullmektig
“Som dommarfullmektig er ein veldig sjølvstendig”, fortel Røv. “Ein er i stor grad overlatt til seg sjølv i handsaminga av sakene ein får tildelt, men ein har alltid erfarne embetsdommarar å støtte seg til dersom ein møter på problemstillingar ein kjenner behov for å diskutere.. Likevel føler eg at det skiljer seg vesentleg frå korleis ein arbeidar som advokatfullmektig.”
Arbeidet som dommarfullmektig er i stor grad veldig variert, der ein er innom mange ulike rettsområder. “Eg føler at ein får eit veldig heilskapleg perspektiv på jussen ved å vere innom så mange rettsområder”, fortel ho. “Vi får arbeide med dei aller fleste sakene, unntaket er straffesaker med ei strafferamme på over seks år. Fordelen med å vere dommarfullmektig framfor advokatfullmektig er at ein er i retten nært sagt heila tida, som advokatfullmektig treng ein kun å prosedere tre gongar. I tillegg føler eg at ein får god tid til utgreiing av sakene ein held på med.”
Arbeidstida er heller variert og ein kan sjølv leggje opp til korleis ein eigen arbeidsdag skal vere. “Kor mykje arbeid ein må gjere kan variere mykje, men alt i alt er ikkje det ein jobb som sluker all fritid”, fortel Røv. “Heldigvis har ein eit innslag av flexi-tid. Eg kan i hvert fall anbefale at ein bør søkje på stillingar som dommarfullmektig.”
Ingen formelle opptakskrav
Det er ingen formelle opptakskrav for å bli dommarfullmektig. Likevel er det heller vanleg at dei fleste har relevant arbeidserfaring frå før av og har gode karakterar. At ein kjem direkte frå jusstudiet og inn i ei stilling som dommarfullmektig kan likevel skje på trass av dette. Personlegdomen er viktig i vurderinga og dette kan gjerne erstatte manglande arbeidserfaring.
Skrevet av Stein-Ivar Gamlem stein_ivar_g@hotmail.com