Injuria.no » Faglig

Nr.1/2009

Fører Island Noreg inn i EU?

Finanskrisa har ført til ein forsterka EU-debatt på Island, som no er på god veg til å verte med i EU. Vil eit islandsk medlemskap også føre til ein ny EU-runde i Noreg?

Publisert: 19.03.2009 12:35

Etter at dei islandske bankane i fjor kollapsa som fylgje av finanskrisa, har øynasjonen opplevd stor inflasjon, aukande arbeidsløyse og synkjande BNP. Effekten av den globale finanskrisa har samstundes drastisk endra islendarane sitt syn på EU, og mange ser no på EU-medlemskap som den einaste måten å få stabilisert den vaklande økonomien på. Over 70 prosent av islendingane ynskjer no å verte innlemma i EU, i skarp kontrast til dei rundt 60 prosenta av norske veljarar som seier nei til medlemsskap. Den nyinnsette statsministeren Johanna Sigurdardottir skal ifølgje AFP ha ytra at det beste for Island no vil vere å inngå medlemskap i EU, og innføre euro. Søknaden vil verte sendt inn etter nyvalet 25. april, og allereie no er det snakk om "fast-tracking" og islandsk medlemsskap innan 2011.

Spørsmålet mange stiller seg no, er kva betyding islandsk EU-medlemskap vil ha for nei-landet Noreg? To gongar har det norske folk sagt nei til medlemsskap, fyrst i 1972 og sidan i 1994. I etterkant av den siste folkeavstemninga har EU-debatten stilna av i Noreg, medan modstanden til medlemsskap har auka. Men kva om Island takka for seg i EFTA, og vart innlemma i EU? Ei fersk meiningsmåling frå TNS gallup har gjort for Europabevegelsen viser at eit solid fleirtal av norske veljarar framleis vil seie nei til EU, sjølv om Island vert medlem. Om EØS-avtalen fell vekk vil stiller det norske folk seg derimot meir positive til EU-medlemskap.

Noko av årsaka til at Noreg har klart seg fint som "utanforland" i Europa-samanheng er akkurat EØS-avtalen, ein samarbeidsavtale mellom EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg på den eine sida og EU på den andre. I tillegg til å gi Noreg fri tilgang til den indre marknaden i EU, får Island, Liechtenstein og Noreg høve til å konkurrere med marknadsaktørar frå EU. Unnateke frå EØS-avtalen er landbruk og fiskeri. Til no har EØS-avtalen vore ei kvilepute for EU-debatten i Noreg, men mykje tyder no på at eit EFTA utan Island kan blåse nytt liv i ein gamal debatt.

Dersom Island forlet EFTA til fordel for EU, vil Noreg stå framfor ei rekkje nye utfordringar. Leiar i Europabevegelsen Svein Roald Hansen meinar EØS-avtalen vanskeleg kan aksepterast med berre to «reelle» medlemsland; Noreg og lilleputtstaten Liechtenstein. Også Janne Haaland Matlary, professor dr.philos. i statsvitenskap ved Universitet i Oslo meiner det er urealistisk å oppretthalde EØS-avtalen om Island vert medlem. Med kun to faktiske medlemsland, og eit svært lite som Liechtenstein, vil kostnadene til å oppretthalde maskineriet rundt EFTA og EØS-avtalen verte for store i høve til utbyttet. Ein bilateral avtale mellom Noreg og EU, utan institusjonar, kan då verte eit mogeleg alternativ. Ulf Sverdrup, seniorforskar ved Arena og BI uttalar i Klassekampen at han ser for seg to mogelege utfall om Island vert medlem i EU. Enten vil EU overta overvakingsoppgåvene som i dag vert ivaretekne av ESA og EFTA-domstolen, eller så vil Noreg sjølv ta over og flytte ESA og domstolen «heim».

Eit EU-ja frå fiskeristormakta Island kan også få uheldige konsekvensar for den norske fiskerinæringa. Fleire har peika på mogelegheita for at Noreg endar opp med å forhandle fiskekvotar med ein islandsk fiskerikommisær i EU. I fylgje leiaren i Noregs Fiskarlag, Reidar Nilsen, vil markedssituasjonen for norsk fisk verte påverka dersom Noreg blir verdande utanfor EU sine tollmurer, med Island sitjande på innsida. Islendingane er våre største konkurrentar når det gjeld fisk, og Europa er den viktigaste marknaden vår for fiskeprodukt. Utan tollbarrierar og valutarisiko vil Island sitje med enorme fordelar i forhold til Noreg.

Om Island vert medlem av EU er det ingen tvil om at Noreg møter nye utfordringar. EØS-avtalen må revurderast, og ein må stille spørsmål ved kor vidt ein organisasjon som EFTA bør oppretthaldast. Dette vert ei utfordrande tid, men samstundes kan dette vere med på å blåse liv i ein sårt trengt EU-debatt. Partia i Stoltenberg-regjeringen har hittil vist lita interesse for ein reell EU-diskusjon, men kan hende islandsk medlemsskap er akkurat det som trengst for å skape blest om dette spørsmålet igjen. Om "islandssuget" vil føre til EU-medlemskap for Noreg i framtida, vil berre tida vise.

Skrevet av Ingrid Egeland Thorsnes

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012