Injuria.no » Faglig

Nr.1/2009

Manar til ro blant juristane

Arbeidsmarknaden vil fortsatt vere god for nyutdanna juristar på trass av finanskrisa. Dette fortel Torbjørn Gjelsvik, partner i advokatfirmaet Schjødt.

Publisert: 19.03.2009 12:25

Gjelsvik tek imot Injuria ein sjeldan solfylt vintermorgon ved Schjødt sine lokale på Bryggen. Han vil mane til ro blant nyutdanna juristar og meiner dei ikkje treng uroe seg for å få arbeid i tida som kjem framover.
– Det er klart at marknadsbehovet innan dei forskjellige sektorane vil endre seg, men det vil fortsatt vere eit stort behov for juristar. Arbeidet innan bank og finans vil verte svekka, men det vil vere eit større behov for arbeid innan konkursbu og liknande. Det er også klart at det offentlege er ein trygg arbeidsgjevar. Det er uansett viktig å hugse på at nedgangstider ofte er oppgangstider for juristar, seier Gjelsvik.

Ei undersøking frå Noregs Juristforbund frå 2008 peikar også på ein god arbeidsmarknad; eit halvt år etter ferdig uteksaminering ved universiteta i Noreg våren 2007 hadde heile 99% av dei nyutdanna medlemmane i Noregs Juristforbund fått jobb. (1) NAV har også gode tal, pr. september 2008 var det kun 59 juristar i Noreg utan arbeid.

Lite endringar

- Vi har på noverande tidspunkt ikkje planlagt endringar når det gjeld jobbtilbod til nyutdanna juristar. Vi er alltid på jakt etter dyktige menneske, og dette forandrar ikkje finanskrisa på. Likevel er det klart at vi vil følgje med utviklinga og vere meir bevisst i forhold til oppbygging av firmaet. Eg ville uansett ikkje uroa meg, seier Gjelsvik.
Det same synet deler ansvarleg advokat ved Arntzen de Besche, Kåre I. Moljord.
- Vi har ingen planar om reduksjon i bemanninga vår og vil erstatte naturleg avgang i firmaet vårt. Gode kandidatar vil uansett alltid vere interessant for oss, uttalar Moljord.
Heller ikkje Finandsdepartementet, ved Siw Lene Ringvold planlegg nokre endringar angåande nytilsetjingar.
- Det har det vore eit sterkt behov for nytilsetjingar ved Finansdepartementet den siste tida grunna kraftig auke i arbeidsmengd. Vi rekrutterer like mange nyutdanna no som tidlegare og det er lite sannsynleg at det blir vesentlege endringar.

Vel etter interesse

Sjølv om bemanningsbehovet vil endre seg innan dei forskjellige juridiske sektorane i tida framover bør ein fortsatt velje etter interesse kva ein skal studere, meiner Gjelsvik.
- Det viktigaste er fortsatt å jobbe med det ein finn interessant. Eg ser for meg at det ikkje vil bli særskilt vanskeleg å få jobb etter studiet uansett kva ein har spesialisert seg innan. Juristar er trass alt ei potet, dei kan brukast til alt, seier han.
I tillegg framhevar han at gode medmenneskelige eigenskapar viktig, nært sagt alle juristar arbeidar med arbeid som omhandlar menneske. Engasjement utanfor studiet blir også vektlagt når ein skal finne nye medarbeidarar.
– Karakterar er ikkje alltid avgjerande. Å bo på ein lesesal skapar ikkje nødvendigvis gode juristar. Alt i alt vil eg råde studentane til å ikkje bekymre seg for jobb i tida framover, fortel Gjelsvik.


(1) Kandidatundersøkelsen høsten 2007, publisert av Norges Juristforbund 15. august 2008

Skrevet av Stein-Ivar M. Gamlem

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012