Injuria.no » Faglig

Nr.6/2008

For barnets beste

Å verte gravid er for mange kvinner det beste som kunne ha skjedd. Trass i dei fysiske påkjenningane er graviditeten, og det å bringe eit barn til verda, ei god oppleving. Lykka over å bere fram eit nytt liv er ofte overveldande. Men for dei kvinnene som har store rusproblem, kan graviditet gjere vondt verre.

Publisert: 03.01.2009 00:11

Når ei gravid kvinne er sterkt avhengig av rusmidlar, kan ho etter sosialtenesteloven verte tvangsinnlagd i heile svangerskapet. Hovudmålsetting med innlegginga er å verne det ufødde barnet mot rus, og gi støtte og hjelp til den gravide.

Graviditeten vert som oftast oppdaga ved at kvinna sjølv kontaktar lege eller andre i helsetenesta. Helsetenesta vil vidare varsle sosialtenesta. Etter loven må kvinna ha så store rusproblem at det er overvegande sannsyn for at barnet vil verte født med skade, for at ho skal kunne leggast inn med tvang. Det er også mogelegheit for ”frivillig”, eller avtalt innlegging under svangerskapet. I denne samanheng er ikkje ordet frivillig nytta i ordets fulle tyding, men det viktige er at kvinna vil oppleve situasjonen mindre traumatisk.

Tvangsinnlegginga skjer sjeldan før det har gått tre månadar ut i svangerskapet. I hovudsak på grunn av at det kan ta tid før kvinnene kontaktar helsetenesta. Dette er svært uheldig, då det meste av fosteret si utvikling skjer akkurat i denne tidsperioden. Den delen av hovudmålsettinga som handlar om å verne det ufødde barn mot rus blir vanskeleg nådd når ein ikkje har mogelegheit til å beskytte barnet når det treng det mest.

Etter loven er det fylkesnemnda som skal fatte vedtak om tvangsinnlegging, men sosialtenesta kan unntaksvis fatte midlertidig vedtak om at kvinna skal innleggas. I praksis er det svært få av desse sakene som følgjer normal saksgang gjennom fylkesnemnda. Dei aller fleste sakene blir midlertidig avgjort av sosialtenesta, og kvinnene vert innlagt. Fylkesnemnda skal så fatte vedtak, og i tida mellom innlegginga og endeleg avgjersle vert kvinnene tildelt ein advokat, og dei får fremje sitt syn i fylkesnemnda. At desse sakene ikkje følgjer normal saksgang skjer av fleire årsaker, men i hovudsak fordi slike saker er å sjå på som hastesaker som ikkje har tid til å stå på vent.

Dei fleste kvinnene som vert tvangsinnlagd under svangerskapet er stoffmisbrukarar. Dette til trass for at alkoholmisbruk er eit mykje meir utbreidd problem, skadane alkoholen påfører fosteret i mykje større grad er kartlagt. Ein av desse konsekvensane er at alkoholen kan hemme organutvikling hjå fosteret. Solveig Storbekken ved Stiftelsen Bergensklinikkene seier at noko av grunnen til at dei fleste som vert tvangsinnlagd er stoffmisbrukarar er forforståing og haldningar i samfunnet. Stoffmisbruk vert på mange måtar oppfatta som verre enn alkoholmisbruk. Stoffmisbruk er dessutan enklare å avsløre enn alkoholmisbruk. Mange av dei som misrukar ein eller annan type stoff er allereie inne i hjelpeapparatet, og graviditeten kan difor raskare oppdagast, og vedtak fattast. Kari Storetvedt, lege ved Blå Kors-klinikken på Askøy, seier at det også har noko med at alkoholmisbruk på sett og vis er ”lovleg” misbruk. I eit intervju me Bergens Tidende 06.11.07 uttalte Karl Harald Søvig, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet i Bergen: ”Mens alkohol er det foretrukne rusmiddel i de «møblerte» hjem, er narkotika ansett for å være tapernes rusmiddel”, og at han ikkje utelukkar at holdningar som dette kan påverke sosialtenesta i deira vurdering.

Det finst fleire stader for tvangsinnlegging av gravide rusmisbrukarar, i bergensområdet er det Blå Kors-klinikken på Askøy for tvangsopphald og behandling, og Skutevikklinikken for avrusing. Den største klinikken som tar inn gravide rusmisbrukarar er Borgestadklinikken i Skien. Den er ein føregangsklinikk på området og har et godt utvikla tilbod. Kvinnene som kjem til Borgestadklinikken er alt frå 17 til 40 år, men dei fleste er i slutten av tjueåra. Kvinnene er ofte tunge rusmisbrukarar som ofte rusar seg på ei blanding av mange ulike typar medikament. Desse kvinnene er dei menneska som er lengst nede på både den sosiale og økonomiske stigen i samfunnet.

Når barnet kjem til verda, er det ikkje lenger grunnlag for å halde kvinna tvangsinnlagt på grunn av same lov som tidlegare. Det vil då verte gjort ei undersøking av barnevernet. Etter denne undersøkinga blir det bestemt om mor får behalde barnet, eller om den vesle guten eller jenta må plassert i fosterheim.

Skrevet av Ingrid Egeland Thorsnes

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012