Injuria.no » Faglig
Nr.6/2008
Lyckliga Gatan
Fengselsstraff er ein av dei vanlegaste måtane å straffe kriminelle handlingar på i Noreg. Men korleis er det eigentleg å sone ein fengselsstraff? Og kva tykkjer dei innsette om kriminalomsorgen? Injuria dro til Bergen landsfengsel for å intervjue ein innsett.
Publisert: 02.01.2009 23:55

Tom Rune er narkoman. Han kan fortelje oss at det er svært lett å få tak i narkotika innanfor murane. Stoffet blir som oftast smugla inn gjennom folk som kjem på besøk i fengselet. På grunn av at rusmiddelbruk er eit svært utbreidd problem i fengselet, legg dei innsette ofte press på kvarandre om å få smugla inn stoff. Tom Rune seier dette problemet er størst på lukka avdeling. På den åpne avdelinga er det noko betre, for dei innsette er klar over faren for å bli sendt tilbake til lukka avdeling om dei vert tatt med narkotika eller testar positivt på urinprøvar.
Systemet i fengselet er oppbygd slik at dei innsete tek til på lukka avdeling når dei begynner soninga, og kan etterhvert jobbe seg oppover til dei meir opne og frie avdelingane. Måten dei kjem seg til åpen avdeling på, er ved å byggje opp tillit; dei må ha god oppførsel og ikkje ruse seg.
Dagane i fengselet går vanlegvis med til arbeid av ulikt slag, men for tida er Tom Rune ute av arbeid. Det er fordi han går på ein kur mot Hepatitt C som går over 48 veke. Han beskriv seg sjølv som ”heilt utslått”, men er glad for tiltaket. Hepatitt C er mykje utbredt blandt rusmisbrukarar.
For dei som misbrukar rusmiddel i fengselet er det eit obligatorisk rusmeistringskurs. Tom Rune har teke kurset fleire gonger. Det finst også sinnemeistringskurs og liknande, men ifølgje Tom Rune er desse kursa ”berre tull”. Han meiner dei innsette treng mykje meir oppfølging på dette området enn eitt enkelt kurs. Dessutan meiner han at mange er ein person i fengselet og ein anna når dei kjem ut.
Fengselsopphaldet påverkar dei innsette i stor grad. Tom Rune fortel at mange får psykiske problem og vært svært inneslutta. Når dei kjem ut av fengselet er mange nervøse og dei brukar lang tid på å venne seg til livet utanfor murane. Tom Rune er sjølv blitt ein isolert person og beskriv seg sjølv som eit institusjonsmenneske. Mange som kjem ut av fengsel har ikkje anna enn ein bossekk med klede, ingen stad å gå, og dei einaste kontaktane dei har er i det miljøet som fekk dei inn i fengselet i utgangspunktet. Mange får også ein utvida kriminell omgangskrets etter fengselsopphaldet.
Tom Rune meiner at dei innsette får svært lite informasjon om kva hjelp dei kan få når dei kjem ut. Han fortel at dei tidlegare insette i stor grad vert overlatt til seg sjølv, noe som vert vanskeleg når dei ikkje veit kvar dei skal henvende seg eller kva rettigheiter dei har. Frelsesarmeen er jamnleg på besøk i fengselet, og det er gjennom dei Tom Rune har fått hjelp med tilrettelegging av den siste delen av soninga. Han skal no vere med i eit program under leiing av Narkodomstolen i Oslo. Han skal få bu i eiga leilighet og få ein skikkelig jobb. Dette er ein del av eit prøveprosjekt for rusmiddelmisbrukarar der dei gjennomgår fire fasar for å halde seg rusfrie.
I følgje Tom Rune er Bergen fengsel det beste fengselet i Noreg, og han har vore rundt på dei fleste. Det er fleire gode tilbod til dei innsette, og kontaktbetjentordninga fungerer relativt godt. Denne ordninga går ut på at dei innsette har kvar sin ”personlege” betjent som skal stille til disposisjon for forespørslar frå dei innsette og hjelpe dei med planlegging av lauslatinga. Samstundes er det mange ting som ikkje fungerar som ynskjeleg. Tom Rune ser at han og mange andre blir gåande inn og ut av fengselet. Han saknar ei avrusningsprogram i fengselet, ut over dei obligatoriske kursa. Han saknar også betre oppfølging når han kjem ut av fengselet. Miljøet innanfor murane er ikkje godt, og som erfaren innsett seier han at det har vorte verre med åra. Det vert mindre og mindre trygt i fengselet, og det er mykje meir truslar og utøva vald enn tidlegare. Truslane gjeld ofte narkotika, gjeld og “tysting“.
Når det gjeld rettssystemet og påtalemyndigheta er Tom Rune oppgitt. Han seier sjølv at han har “bergens dårlegaste advokat”, men at han har gitt opp. Han meiner saksbehandlingstida er svært lang, og at dei innsette får lite informasjon om utviklinga i sine saker. Han føler at rusmiddelmisbrukarar ofte vert førehandsdømd og at alle vert skjert under ein kam. I fengselet har han opplevd at medinnsette har sete i varetekt svært lenge for småsaker. Tom Rune er klar over at han som narkoman og kriminell ikkje kan stille så mange krav, men han skulle ynskje at han som innsett fekk meir informasjon medan han var i fengselet.
Tom Rune ynskjer å verte rusfri og halde seg utanfor fengselet. Men han er ikkje sikker på om det er mogeleg. Han kjenner ingen som har vore i same situasjon som han, og som har klart å kome seg på rett kjøl.
Skrevet av Ingrid Egeland Thorsnes