Injuria.no » Faglig

NORDMANN I NOREG

Abid Raja er norskpakistanar. Han hadde ein vanskeleg barndom og ei ungdomstid i opprørets namn. No er han 32 år, og har gjort ei karriere mange kan misunne han. Etter omfattande studiar og fleire viktige verv og jobbar, er han no advokatfullmektig i Adv.f. Hestenes og Dramer. Raja er å sjå i TV-ruta litt over gjennomsnittet jamnleg, og står for mange som eit fyrtårn i kampen for integrering og innvandringspolitikk. No er han aktuell med boka ”Talsmannen”.

Skrevet av: Ane Kolmyr Lerheim
Publisert: 04.06.2008 19:03

Det er i det høve fagstyret har invitert Raja til Fjøset denne fredagskvelden. I samtale med Frank Aarebrot skal han snakke om boka, innvandring og korleis det står til med integreringspolitikken i Noreg.

Aarebrot er professor i samanliknande politikk ved UiB. Han er forskar innan europeisk integrasjon, og kjend for til tider særs sterke meiningar i den offentlege debatten. Stadig provoserande, men ikkje mindre heile universitets-Noreg sin ukrona mediakonge som den mest siterte professoren i 2007.

Til forventningsfull applaus vaklar dei seg opp på kvar sin barkrakk. Aarebrot vaklar mest. Synet av den skjeggete brumlebassen i møte med ein glattpolert pornosmultring styrer tankane inn på assosiasjonar til noko i retning den vakre og udyret. Men det er heilt til smultringen tek ordet.

Raja snakkar om integrering og innvandrarane sin plass i det norske samfunnet. Om assimilering i Danmark og segregeringa som går føre i britiske byar. Om korleis Noreg heldigvis driv eit sted i midten, men utan at vi har fått det til heilt enda. Det er mangel på forståing, meiner han. For lite kunnskap. Dessutan vet vi ikkje heilt kvar vi vil.

Derfor vil Raja gjerne fortelje. Aarebrot meiner boka er fri for konklusjonar og svar. At ho overlet til lesaren sjølv å gjere seg opp ei meining. Det er mogleg, men det gjer ikkje Raja til ein mann utan tankar om kvar skapet skal stå. – Ukultur, smell han då Aarebrot tek opp omgrepa ”ære” og ”skam”. – Det er ein ukultur i miljøa. Ein er så oppteken av familien si ære at ein let att auga for kva som eigentleg hender. Ungdommane drikk alkohol og har fri sex, men det blir ikkje snakka om fordi ein ikkje vil setje familien i skam. Og i neste omgang gjev dei same ungdommane ein moralpreken om kva som er rett og gale. Det heile blir ein vond sirkel der ein stadig seier mot seg sjølv, også kjem ein ingen veg. Alle veit jo kva som hender! Ikkje alle jentene som reiser til Danmark for å sy inn jomfruhinna si har mista ho fordi dei hoppa for høgt i gymmen.

Frank Aarebrot applauderer. Eigentleg er Aarebrot meir fan av Raja enn Raja er sjølv. Eit dårlig utgangspunkt for å skape debatt, og det visar seg i samtalen mellom dei to. Vi er inne på eit ekstremt spennande og viktig tema, og vi har å gjere med ein mann med unik kunnskap og sterke meiningar. Då må Frank Aarebrot gripe høvet til å utfordre, provosere, skape debatt! Vi veit at sex er tabu og foreldre slår borna sine. Gje oss ei utfordring!

Raja er inne på det. Han vil opne auga våre litt. Han vil tvinge oss til å innsjå at mange av dei tinga vi høglydt fordømmer i innvandrarkulturar har smerteleg mykje til felles med vår norske kultur. Kva kjenner til dømes foreldra til ein gut som stadig blir observert ravande rundt på flatfylla? Kva mor blir ikkje skamfull dersom venninnene seier dei har høyrd at dottera ligg rundt? Er det ikkje også i Noreg ein kultur for å observere og rapportere?

Raja meiner mykje, og veit meir. Han har ser med kritiske auge på kulturen i både Noreg og Pakistan. Han kritiserer vakling og dobbeltmoral, og meiner Noreg må bestemme seg for kva dei vil. Men har han eigentleg bestemt seg sjølv?

Raja insisterer på at han er både nordmann og pakistanar – samstundes dreg han afroamerikanarar fram som eit førebilete då dei nektar å snakke om kvar besteforeldra kom frå så lenge dei er amerikanarar. Raja meiner nordmenn er redde for innvandrarar – samstundes vinn han veljarar til Venstre med å sparke FrP i ræva. Raja nektar plent for at bakgrunnen hans har noko å seie for kva saker han tek som advokat – samstundes slår han fast med eit glis at han nett har hatt sin første norske, kvinnelege klient.

Difor satt samtalen på Fjøset tankane i sving. Difor kunne Aarebrot ha lett etter flammen i staden for å vifte i røyk. Difor er det viktig at vi har ein som Raja til å setje eit annleis fokus på ein viktig sak. Og difor er det viktig at vi likevel kan tørre å setje spørjeteikn ved det han seier.

Raja har viktige historier, han har viktige refleksjonar, han tørr å krysse grenser og han sett et veldig viktig fokus. Men kanskje har han litt mykje forståing? Dessutan skjønar eg ikkje heilt kvar han vil.

Skrivervennlig versjon

Tidsskrift for de juridiske studenter i Bergen. Utgis av Juristforeningen. © Injuria 2012