Semesterpakke i kinesisk rett

7. april, 2018

Skrevet av Ingrid Handeland
Bilder: Privat

 

Litt om avtalen

Semesterpakka i kinesisk rett, eller Chinese Law Clinical Programme, vart for første gong sett i verk våren 2017. Avtalen gjev studentar på 4. og 5. studieår høve til å både studere og arbeide i Kina. Før avreise får ein innføring i kinesisk språk og kultur gjennom eit introduksjonskurs i regi av Konfutse-instituttet i Bergen. I år er me 12 studentar der 6 av oss er i Beijing, medan 6 er i Shanghai.  

Gjennom semesterpakka i kinesisk rett får ein eit unikt tilbod som gjev både innsikt og erfaring med kinesisk rett og næringsliv. Sjølv er eg i Beijing på Peking University og arbeider i Jia Yuan Law. Ved å arbeide i eit kinesisk forretningsadvokatfirma samstundes som ein tek studiepoeng ved eit kinesisk universitet får ein kunnskap om både den materielle jussen, men også kinesisk arbeids- og forretningskultur.

 

Peking University

Peking University er eitt av dei eldste og beste universiteta i Kina. Universitetet vart grunnlagd i 1898 og feirer i år 120 år. Campus ligg i Haidiandistriktet side om side ved ei rekke andre universitet. Området er stort og rommar alt frå parkar, kafear og kantiner til idrettsanlegg og studentbustadar. På bakgrunn av det nyttar mange seg av dei ulike bysykkelordningane for å komme seg rundt. Beijing er ein herleg by dersom for deg som likar å sykle.

Universitetet er gode på både internasjonal og kinesisk rett, men som student i semesterpakka er fokuset på sistnemnte. Ved Peking University tek ein fag frå LLM-programmet i kinesisk rett og får undervisning i Civil Procedure and Arbitration, Economic Law, Intellectual Property Law og Foreign Investment Law. Det er elles mogleg å følgje andre fag, samt kinesisk språkkurs for nybegynnarar. I tillegg har ein field work ein gong per månad til ulike rettslege institusjonar i Beijing. Denne månaden vitja me til dømes Beijing International Arbitration Center.

 

Kina som studiestad

Kina er på mange måtar totalt annleis enn Noreg, noko ein kanskje merkar ekstra godt i Beijing då byar som Shanghai vert oppfatta meir vestleg. Ein kjem ikkje langt utan oversetjingsaplikasjonar då det meste føregår på kinesisk utanfor campus og du venner deg fort til å bruk av støvmaske når forureininga er på sitt verste. Telefonen er ditt nye bankkort, antibac og dopapir fast inventar i baggen og trafikken er eit evig kaos.

På den andre sida er maten supergod, folk svært venlege og det meste veldig mykje billigare enn i Noreg. Det er til dømes lett og billig å komme seg rundt til andre stader i Asia frå hovudstaden med både tog og fly. Ein kan til dømes reise til Avatarparken i Zhangjiajie, på skiferie i nord eller på badeferie til Hainan i sør.

Kva gjeld Beijing er byen særleg attraktiv dersom ein interesserer seg for politikk. Dei viktigaste statlege institusjonane ligg her, Kommunistpartiet i Kina hadde nyleg kongress og Kim Jong Un var på besøk frå Nord-Korea.  

Elles er Beijing ein vakker by med eit rikt kulturliv med alt frå store tempel og den kinesiske muren, til scenekunst, bydelar for kunst og kinesisk arkitektur. Utelivet er veldig bra og sola skin stort sett kvar dag. Sistnemnte er kanskje det aller beste for ein vestlending som har levd 24 år med regn og ein gjennomsnittleg temperatur på 12 grader.

 

Bakgrunnsinformasjon: