Nest verst sosialt miljø på jussen

26. april, 2018

Skrevet av André Habbestad

I følge tal i frå årets Studiebarometer er studentane på Dragefjellet mindre fornøgde med det sosiale miljøet på studieprogrammet sitt enn studentar på dei fleste andre samanliknbare studieprogram. Blant dei ti mest populære studiane i Bergen hamnar jussen nest sist.

Nest dårlegast blant dei mest populære Bergen-studiane

Det var i februar i år at NOKUT publiserte resultatet av si årlege spørjeundersøking, som er den mest omfattande av sitt slag. Eitt av mange områder studentane vart spurde om å vurdera på ein skala frå 1 til 5, var ‘’det sosiale miljøet blant studentene på studieprogrammet’’. Injuria har samanlikna tala med dei tilsvarande tala i frå andre studieprogram.
 

Studieprogram

Poeng

Juss (master; UiB)

3,6

Siviløkonomi (master; NHH)

4,0

Sjukepleie (bachelor; HVL)

3,8

Psykologi (profesjonsstudium; UiB)

4,0

Medisin (profesjonsstudium; UiB)

4,1

Sjukepleie (bachelor; VID)

4,0

Fysioterapi (bachelor; HVL)

4,5

Økonomi og adm. (bachelor; HVL)

4,0

Sosialt arbeid (bachelor; HVL)

3,1

Vernepleie (bachelor; HVL)

4,0


Statistikken viser at jussen er nest dårlegast av dei ti mest populære studiane i byen, slått berre av bachelorstudiet i sosialt arbeid på HVL. Satt opp mot dei andre profesjonsstudiane medisin, psykologi, og samfunnsøkonomi, kjem jussen aller dårlegast ut.
 

JSU: - Kjent problematikk

Problematikken er ikkje JSU ukjent, i følgje leiar Sausan Hussein. Dei har den siste tida lagt vekk arbeidet med Jusspust-kampanjen til fordel for eit fokus på nettopp jusstudentane sitt sosiale liv.

- Det starta med at me i begynninga av haustsemesteret la merke til at temaet vart hyppig diskutert på Jodel, spesielt av førsteklassingar. Ein er kanskje ikkje så klar over at det er eit problem, så Jodel har hjelpt oss med å sjå kva som er problematisk og ikkje for tida. Eg skulle jo ønska at folk heller hadde komme til oss direkte, og då kanskje ha vore litt meir saklege, men samtidig får ein gjennom Jodel sjekka korleis stemninga eigentleg er. Det var då Jodel var på sitt mest aktive at me begynte å tenka at dette kunne vera eit ganske stort problem, og at dette var noko å jobba med for JSU.

Enkelte tiltak har allereie blitt prøvd ut, slik som JSU si eksperimentelle kollokvieordning.

- Problemet med desse gruppene var at aktiviteten fort kunne ebba ut, og at ein gjerne hadde ei lita kjerne med studentar som var meir interesserte enn dei andre. Me har likevel fått tilbakemelding frå enkelte som har trivest godt i sine grupper, og funne venner her.

Som ledd i arbeidet med temaet har JSU nyleg hatt ute ei nettbasert spørjeundersøking med det formål å finna ut om, og eventuelt i kor stor grad, einsemd er eit problem på jussen.  

- JSU var i samband med dette arbeidet på eit møte med Sammen, der me fekk litt tips og innspel omhandlande temaet. Det psykososiale miljøet på eit fakultet er vanskeleg å påverka, og det å utforma denne undersøkinga var også vanskeleg nettopp fordi det handla om ei side av studiet som me eigentleg ikkje har nok kjennskap til. Samtidig har me fått inn 146 svar, med ei relativt representativ fordeling kva kjønn, årstrinn, og fødestad angår.

Tala frå undersøkinga stadfester at einsemd førekjem på jussen. 10% seier at dei fekk seg venner i løpet av andre klasse, medan like mange svarer ‘’ingen av delene’’ – altså at dei ikkje har fått seg venner på studiet.

- Det er ikkje veldig høge tal, noko som er positivt. Samtidig betyr dette at det er folk på fakultetet som enten har komme seint inn i det sosiale miljøet, eller som framleis ikkje har gjort det. Det er i seg sjølv veldig synd, og det er eit problem det må gjerast noko med.


‘’Klikkete’’

Av spørjeundersøkinga JSU står bak, kjem det fram at mange har nemnt konkret eit ‘’klikk’’-basert sosialt miljø som problematisk. Det er ein karakteristikk også Hussein kan stilla seg bak.

- Det største problemet på jussen er kanskje at det er ganske ‘’klikk’’-baserte miljø. Ein del kjem i frå dei same områdane, kjenner kvarandre i frå før, eller har felles bekjente og finn tonen med kvarandre tidleg. Slik oppstår sosiale gjengar som ikkje er enkle å komma inn i, og som det samtidig kjennest vanskeleg å vera utanfor.

Som mogleg årsak til klikkfaktoren på studiet peiker JSU-leiaren på den geografiske skeivdelinga blant studentmassen, med uproporsjonalt mange i frå same stadene på austlandet. Samtidig som dei fleste svarer ‘’nei’’ på spørsmål om dei kjente nokon på jussen frå før dei begynte på studiet, seier heile 31% at dei kjente nokon, og 8% at dei kjente mange.

Dette får konsekvensar også for undergruppene, meiner ho.

- Det ein ser ein del eksempel på, er at eksisterande vennegjengar kjem inn i styret til ei undergruppe, og at det deretter, sjølv om arrangement blir reklamerte for som opne og utan terskel for å møta opp, først og fremst er venner av desse igjen som kjem til undergruppa. Dette er vanskeleg å gjera noko med; vennegjengane som etablerer seg i styra gjer jo ingenting gale – tvert i mot gjer dei ofte det dei kan for å skapa eit inkluderande miljø – men likevel ser ein at dette utgjer eit negativt moment for det sosiale miljøet.
 

Sprik jussstudiane i mellom – Tromsø-studentane mest fornøgde

Jusstudentane i mellom dei sju fjell er likevel betrakteleg meir fornøgde med det sosiale miljøet på studieprogrammet sitt enn dei i Oslo. Oslo-studentane har rangert det sosiale miljøet på studiet sitt til 3,2 av 5.

På den andre sida har ein dei i Tromsø, som latar til å ha lite å utsetja på stemninga i nord. Her hamnar nemleg skåren på 4,1 av 5 – nesten et heilt poeng over Oslo.

Hussein har bitt seg merke i forskjellane, og trur den låge skåren dels kan ha med dei praktiske delane av studieprogrammet å gjera: Størrelsen på studentmassen, byane studieprogramma ligg til, og korleis fakultetsbygga er lagt opp.

- Eg trur det sosiale miljøet i Tromsø er tettare, både fordi dei er færre studentar der og fordi byen er mindre. Omvendt trur eg at ein i Oslo lettare kan hamna utanfor. Mangelen på obligatorisk undervisningsopplegg i Oslo kan også ha noko å seia. Når ein omtrent ikkje har obligatorisk undervisning samanlikna med Tromsø og Bergen, blir ein heller ikkje kjent med folk utan at ein prøver veldig hardt sjølv. Eg trur også sjølve fakulteta kan ha ganske mykje å sei. Medan fakultetet i Oslo er spreidd utover ulike bygg, er ein her i Bergen samla på Dragefjellet, noko som bidrar til ein meir konsentrert studentmasse.

Injurias utsendte har tatt kontakt med Patrick Oware, leiar i JSU Tromsø, for å finna ut av hemmelegheita bak Tromsø-harmonien.  

- Eg trur spørsmålet om det sosiale miljøet må sjåast i samanheng med dei andre parametrane som har blitt vurderte. I Tromsø er ein i følge Studiebarometeret på topp også på dei andre områdane som har blitt målt. Dei faglege rammene fakultetet stil opp, har stor betydning også for det sosiale miljøet på studieprogrammet. Dersom studentane opplever læringsutbytte, at dei har moglegheit for å påverka, og synast studiet er utfordrande og engasjerande, vil dette også bidra til eit betre sosialt studiemiljø.

Oware peiker på ein open og inkluderande kultur blant studentane som avgjerande for trivselsnivået.

- Me er ganske mange færre enn i Oslo og Bergen, med om lag 850 studentar. Dette gjer at me også har færre per undervisningsgruppe, noko som gjer det enklare å halda styr på kven du eigentleg studerer med. Trass i at me er færre på studiet, er det mange aktive studentorganisasjonar i byen, noko som bidrar til ein sosial arena der det er låg terskel for å bli kjent med medstudentane sine.

Oware trur også tillitsvaltordninga ein har i Tromsø bidrar til eit godt sosialt miljø.

- Kvar avdeling vel to tillitsvalte. Desse tar ansvar sosialt så vel som fagleg, og arrangerer med jamne mellomrom ulike typar sosiale arrangement, slik som julebord. Desse er ikkje knytt til noko undergruppe, men heller eit fritt og opent tilbod til alle studentane frå det kullet.
 

Juristforeningen: - Motivasjon

Bak alle undergruppene, og med det også dei sosiale arrangementa på jussen, står Juristforeningen.

Sondre Lid Riise, leiar i Juristforeningen, seier at tala er motivasjon for å fortsetta organisasjonen sitt arbeid på ein enno betre måte.

- Slike tal gir oss motivasjon til å gjera våre bidrag til studentane mykje betre. Det burde ikkje vera noko grunn til at studentar skal synes at miljøet på jussen ikkje er bra nok. Då er det gylne spørsmålet kva me kan gjera for å betre miljøet, og då må ein snakka litt om kva som skaper det miljøet ein faktisk vil ha. I og med at jussstudiet er prega av hardt arbeid og like hard konkurranse, trur eg det er spesielt viktig å skape sosiale arenaer der folk kjenner seg velkomne og frigjort frå press.

I følge Riise er det først og fremst når det kjem til kommunikasjonen med studentane at Juristforeningen har forbetringspotensiale.

- Me har ikkje vore gode nok på å kommunisera det tilbodet me faktisk har, som famnar både idrett, kultur, og reint sosiale underorganisasjonar. Heller ikkje har me fått fram godt nok at ein gjerne må komma til oss med forslag til nye undergrupper, eller frittståande arrangement for den del. Tidlegare har det vore veldig fokus på undergruppene, men me har prøvd å heva blikket litt og få fram at ein like gjerne kan arrangera ting som er uavhengige, som alle kan vera med på. Difor har me det siste året hyppigare tatt i bruk Straffbar meir aktivt, der har me arrangert Champions League- og OL-visningar, og meir generelt prøvd å skapa ein ‘’low-key’’ sosial arena.
 

Krevjande problemstilling

- JSU består av berre 12 personar. Me har difor ikkje tilstrekkeleg kunnskap eller kapasitet til å handtera ei slik problemstilling på eiga hand. Neste steg for oss er å ha ein samtale med både fakultetet og Juristforeningen. Alle sosiale evenement på fakultetet skjer i regi av Juristforeningen, så om det er nokon som har størst moglegheit til å påverka – ikkje nødvendigvis ansvar, men moglegheit – er det eigentleg dei. Fakultetet kan og bør ha eit ansvar, men har ikkje same moglegheita; det blir litt som om mamma kjem inn og skal fiksa venner. Me tenker å snakka med begge partane, og finna ut av kva tiltak me skal setja i gang for å få retta fokuset mot problematikken, seier Hussein.

JSU-leiaren seier at det kan vera verdt å få ei breidde i det sosiale miljøet utover dei klassiske undergruppefestane.

- Det er ikkje slik at festane er problematiske i seg sjølv, men desse er ikkje nødvendigvis den beste arenaen for å skape det sosiale miljøet ein prøver å skapa.

Ho nemner quizar der ein like gjerne kan komme aleine som med venner som eit konkret eksempel på arrangement JSU kunne tenkt seg å samarbeide med Juristforeningen om.

Lid Riise seier at det på eit overordna plan handlar om ei kulturell omstilling som ikkje enkelt kan påtvingast, men som krev vedvarande og aktivt arbeid frå studentorganisasjonane. Han stiller seg positiv til samarbeid med JSU.

- Dersom JSU er interesserte i å få på plass arrangement som rører ved denne problematikken, så er me veldig opne for å samarbeida om det.